Kundeveileder – ferie- og ringevikar
NGIR
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Kundeveileder
Vil du jobbe ute i frisk luft, møte mange ulike menneske og bidra til betre kjeldesortering og miljø? Då kan du vere vår nye kundeveileder!
NGIR søkjer no ferie- og ringevikarar til gjenvinningsstasjonane våre på Kjevikdalen, Mjåtveit, Manger og Litlås. Jobben passar perfekt for deg som er student, ønskjer ekstra inntekt ved sida av ein anna jobb, eller trivst med ein aktiv og sosial arbeidsdag.
Arbeidsoppgåver
Som kundeveileder får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag. Du vil blant anna:
gjennomføre mottakskontroll på stasjonen
gje god service og fagleg rettleiing til kundar
bidra til at stasjonen alltid er ryddig, trygg og presentabel
handtere praktiske driftsoppgåver ved behov
Kven ser vi etter?
Du som:
er over 18 år
er serviceinnstilt, imøtekomande og trygg i møte med kundar
har fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)
jobbar strukturert, sjølvstendig og har god ordenssans
trivst i eit hektisk, sosialt miljø og tek nye oppgåver raskt
kommuniserer godt på norsk – både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har erfaring frå kundebehandling eller sal.
Du må ha: førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg, men ikkje krav: truckførarbevis T4 og hjullastar M4.
Grunnleggande datakunnskapar er òg viktig.
Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar.
Arbeidstid og oppmøte
Arbeidet skjer innanfor NGIR sine opningstider. Alle stasjonane har ope på laurdagar, og dette er dei dagane vi primært treng deg – men det vil også vere vakter i vekedagane og i feriar.
Kvifor jobbe hos oss?
Hjå NGIR får du:
ein aktiv og variert arbeidsdag ute i frisk luft
eit hyggjeleg, inkluderande og livleg arbeidsmiljø
kollegaer som gjerne deler erfaring og hjelper deg i gang
moglegheit til å bidra til ei viktig miljøoppgåve i lokalsamfunnet
Vil du søke – eller har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med leiar for gjenvinningsstasjonane, Ebba Fjeldstad, på 488 96 148 om du lurer på noko.
Send søknad elektronisk via søkjefunksjonen i utlysinga på Finn.no.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- HMS kontroll
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 80 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 15 000 hushald, og 7000 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
NGIR Næring AS er ei nyoppretta avdeling i NGIR som tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen, og ønskjer å vere ein pådrivar og støtte til den sirkulære omstillinga i næringslivet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundeveileder, gjenvinningsstasjon, kundeservice, miljøoppgåve, ferievikar
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451352404
- Sist endret

