Undervisningsstillingar, fast og vikariat, i Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli lærar i Bjørnafjorden kommune!
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for barn og unge, og vil bidra aktivt for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø for elevane våre.
Gjeldande satsingsområde for skulane i vår kommune er trygge og inkluderande skulemiljø, og lesing i alle fag. I Bjørnafjorden kommune skal alle med!
Elevane brukar mykje av tida på skulen. Det er viktig at dei er omgitt av trygge vaksne med oppdatert fagkompetanse, som viser engasjement og interesse for den enkelte elev i skulekvardagen, og legg til rette for motivasjon og trivsel. Dette er avgjerande for at vi skal nå dei måla vi har sett oss. Viss du kjenner deg igjen i dette, vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva ønsker elevane seg frå dei vaksne?
Elevane våre veit akkurat kva dei ønsker seg frå dei vaksne på skulen. Sjå filmen i utlysinga og høyr kva dei meiner er viktigast. Ser du utlysinga på PC, finn du lenke til video oppe til høgre i utlysinga.
Informasjon om skulane i Bjørnafjorden kommune
Kommunen har 14 barneskular og 3 ungdomsskular med til saman 3294 barn.
Skulane har ledig fleire stillingar frå skulestart i august, både fast og mellombels tilsetjing.
Vi tilbyr:
Mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar
Kontinuerleg fokus på læring og fagleg utvikling
Tett samhandling og faste fora mellom leiarar, administrasjon og undervisningspersonell
Konkurransedyktige funksjonstillegg for rådgjevarar og kontaktlærarar
Etablerte prosjekt for arbeid med skulemiljø og førebyggjing av vold og truslar
Etablerte ordningar for etter- og vidareutdanning
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og gode kolleger
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Vi gler oss til å ta imot nye kollegaer til skulestart og håpar du vil vere med oss på laget!
For å søkja, klikk på «Søk her» øverst på sida, og velg den skulen som er aktuell for deg.
Informasjon om søknadsprosessen:
Ikkje vent med å sende inn søknaden din! Vi kartlegg kandidatar fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 22
- Sted: 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærer, lærar, Undervisning, Lektor, Skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451348719
- Sist endret
