Kateket/Pedagog
Volda kyrkjelege fellesråd
- Frist 16.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Kateket/Pedagog
Vil du vere med på å løfte barne- og ungdomsarbeidet til Den norske kyrkja i Volda?
Vi søkjer etter ein kateket/pedagog som kan leie og vidareutvikle Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Volda fellesrådsområde (Volda kommune). Stillinga er leiar for undervisningsarbeidet og undervisningsteamet vårt. Eit team som består av kateket og to medarbeidarar i deltidsstillingar.
Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeid for å kvalifisere som kateket.
Du vil ha Volda fellesrådsområde (Volda kommune) som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte lokale, like ved Volda kyrkje.
Aktuell arbeidsoppgåver er:
- Undervisningsarbeid for barn/ungdom 0-18 år
- Konfirmantarbeidet
- Samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
- Vidareutvikling og revisjon av kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) for alle sokna.
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
- Leiing av utvalet for Kyrkjeleg undervisning og læring
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
- Leiarerfaring
- Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom, og leirarbeid
- Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
- Evne til å skape gode relasjonar, til samarbeid og teamtenking
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
- Skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Grunnleggande datakunnskap
Er du den vi leitar etter?
Vi kan tilby:
- Godt stabsfellesskap
- Kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor, like ved Volda kyrkje
- Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP
- Ein fleksibel arbeidskvardag med gode ordningar for avspasering.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no
FerdigheterAI-generert
- Dataferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som
gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74%
av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og
yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i
kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og
Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to
trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som
tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein
ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet
på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusgata 6a, 6100 Volda
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451336756
- Sist endret

