Er du den som ser moglegheiter der andre ser hinder?
Nav, Bergen sentrum - Arbeid med støtte
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Nav Bergen sentrum utvidar Arbeid med støtte-teamet og søkjer tre engasjerte jobbspesialistar: éin til pilotprosjektet Tilpassa jobbstøtte og to til Syktbrajobb.
Vi ser etter deg som trur at alle menneske – uavhengig av utfordringar eller helseproblem – kan få og behalde ordinært arbeid med riktig støtte. Du trivst i eit aktivt, oppsøkjande arbeid, byggjer relasjonar lett og handterer endringar og uforutsigbarheit på ein god måte.
I Tilpassa jobbstøtte blir du del av ei ny satsing der målet er å gi tettare oppfølging til personar i målgruppa for varig tilrettelagt arbeid, og bidra til overgangar til ordinære verksemder.
I Syktbrajobb støttar du unge under 35 år med uføretrygd i å finne og behalde jobb.
Som jobbspesialist får du solid fagleg støtte i teamet, frå metoderettleiar og frå fagmiljøet i regionen. Dette er jobben for deg som ønskjer å bruke kompetansen din på noko som verkeleg betyr noko – for enkeltmenneske, arbeidsliv og samfunn.
Stillingane er ledige omgåande.
I søknaden ber vi deg skrive om kva som motiverer deg, og korleis bakgrunnen din er relevant for rolla.
Kva går jobben ut på?
- følgje opp og sikre framdrift i eigen portefølje
- kartleggje erfaringar, ressursar, interesser og jobbønskje hos arbeidssøkjarar
- byggje og halde ved lag samarbeid med arbeidsgivarar, behandlarar og nav‑rettleiarar
- oppsøkje og samarbeide aktivt med arbeidsgivarar
- bistå i søkjeprosessen og gje jobbstøtte på arbeidsplassen
- dokumentere arbeid i fagsystema
- jobbe etter Supported Employment (SE)–metodikk, Customized Employment (CE)–metodikk og miljøterapi
Du må vere budd på at prosjektet Tilpassa jobbstøtte er ein pilot der utvikling skjer kontinuerleg, og der oppgåver og mål kan endrast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå rettleiing, miljøterapi, motivasjonsarbeid eller oppfølgingsarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- arbeidsmarkedskompetanse
- inkluderingskompetanse
Kva ser vi etter hos deg
- evne til å motivere og skape engasjement
- strukturert, men fleksibel når situasjonen krev det
- løysingsorientert og initiativrik
- god på å byggje relasjonar
Kvifor velje oss
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte, tverrfaglege team
- ein arbeidsplass som vektlegg fagleg utvikling
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- kurs og vidareutdanning innan SE/CE-metodikk
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr 630 000 til kr 660 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Unni Andersen, Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen, 457 74 545, unni.andersen@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5078885647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451322301
- Sist endret

