Undervisningsstilling idrettsfag/kroppsøving
Rogaland fylkeskommune
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
Om lag 70% undervisningsstilling idrettsfag/kroppsøving, der inntil 40% er fast og resten årsvikariat
Frå hausten 2026 er det ledig om lag 70% stilling i idrettsfag/kroppsøving. For at elevane skal oppleve kontinuitet og forutsigbarhet, ser me helst at stillinga ikkje vert delt mellom fleire.
Det er krav om pedagogisk utdanning og relevant fagleg utdanning. Vidare vert personlege eigenskapar vektlagde.
Krav til stillinga:
- Relevant utdanning og praksis i relevante fag
- Den som vert tilsett må mellom anna ha undervisningskompetanse i Trenigslære 2 (VG3 idrettsfag).
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte, og generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt.
For stillinga gjeld:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 315 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450925728
- Sist endret
