Sjukepleier natt - Knarvik Sjukeheim avd. Helsehuset
Alver kommune
- Frist 5.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000kr over tariff, og som nattevakt vil du også ha funksjonstillegg.
Om oss
Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset starta opp i april 2025, og er ei kortidsavdeling med vurderingssenger. Avdelinga har 6 flotte rom som alle vil vera dobbeltrom med plass til totalt 12 pasienter. Her vil me få inn pasientar som skal kartleggast for anten å bli sende heim til eigen bustad, til omsorgsbustad pluss eller vidare til andre avdelingar i sjukeheimstenesta for vidare oppfølgning
Arbeidsoppgåver
- Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved avdelinga.
- Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer fagleg trygge sjukepleiarar med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg, dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test.
Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Erfaring og relevant vidareutdanning er ein fordel.
Kven er du?
Me søkjer sjukepleiarar som trivst i ein hektisk og til tider uforutsigbar arbeidskvardag. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg. Du har ein lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra il å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientane og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar sammarbeider du effektivt med andre.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450901873
- Sist endret
