Business Controller
Lingalaks AS
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Business Controller søkjast til fremtidsretta havbruksselskap
Business Controller søkjast til fremtidsretta havbruksselskap
Me søkjer ein strukturert og analytisk controller som skal bidra til å styrke kontroll, kvalitet og etterleving i økonomifunksjonen.
Stillinga er sentral i arbeidet med å sikre robuste rutiner, presise analyser og systematisk oppfølging av avvik.
Om stillinga
I stillinga som Controller vil du vere sentral i rapportering, analyse, oppfølging mot regnskapsfører. Du vil og ha ei brei kontaktflate på tvers av organisasjonen, både i høve forbetringstiltak og beslutningstøtte. Rolla vil rapportere til CFO og vil jobbe i eit team med andre controllere i selskapet.
Dine hovudoppgåver:
Økonomisk rapportering og månedsavslutning
Etablere og følgje opp kontrollrutiner og avstemminger
Identifisere og analysere avvik – og sikre at dei lukkast med ansvar og frist
Bidra til presis og korrekt rapportering
Kvalitetssikre arbeid levert av ekstern rekneskapsfører
Utarbeide strukturert kontrollrapportering til leiing i selskapet
Delta i risikovurderingar knytta til rekneskap og økonomistyring
Bidra til å vidareutvikle interne rutiner og kontrollstruktur
Me søkjer deg som:
Har høg fagleg integritet og sterk gjennomføringsevne
Trivast med å ferdigstille oppgåver og lukke åpne punkt
Har eit naturleg blikk for risiko og spør: «Kva kan gå feil?»
Er komfortabel med å utfordre etablerte praksiser når kvaliteten ikkje er god nok
Er strukturert, detaljorientert og systematisk
Motiveres av presisjon og kvalitet i tallgrunnlag
Ønskjer å bidra til å bygge robuste system – ikkje berre produsere rapporter
Ønska bakgrunn
Høgare økonomisk utdanning (siviløkonom/revisjon/finans/regnskap)
Erfaring fra revisjon, controlling eller rekneskap
Dokumentert erfaring med internkontroll og avstemmingsrutiner
God systemforståing og erfaring med ERP-system
Erfaring med konsernstruktur og konserninterne transaksjoner er ein fordel
Erfaring frå produksjonsretta næringar, gjerne innan havbruk, er ein fordel
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person med tydeleg «kritikar-profil»:
Du likar å bli involvert før beslutninger tas
Du er komfortabel med å stilla krevjande spørsmål
Du påpeiker avvik – og når det er ubehageleg
Du treng ikkje vere populær, men du må vere presis
Du lar deg ikkje presse til raske konklusjonar uten tilstrekkeleg grunnlag
Du bidreg til kvalitet gjennom struktur og kontroll
Me kan tilby:
Ei sentral rolle i å styrkje økonomifunksjonen
Tett samarbeid med CFO og ledelse
Reell påvirkning på struktur, kontroll og kvalitet
Moglegheit til å byggje robuste system i ein organisasjon i utvikling
Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Arbeidsstad: Norheimsund og Bergen
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 01.03.2026 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Ferdigheter
- Avviksanalyse
- Bokføring
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- ERP-systemer
- Internkontroll
- Regnskap og bokføring
- Saksbehandling fakturering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av matfisk. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa. Ærleg, kvalitet og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon som er å vera ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Me ha produksjon på 16 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14.000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
controller, økonomifunksjon, analyse, økonomisk rapportering, månedsavslutning
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450895842
- Sist endret

