100 % vikariat - lærar ved Lægreid skule - skuleåret 2026/2027 (med atterhald)
Lægreid Skule
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Me har, med atterhald, ledig ei 100 % vikariat lærarstilling ved Lægreid skule, Eidfjord kommune frå 1. august 2026.
Me søkjer etter ein lærar som har god kompetanse i klasseleiing, i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skapa gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i særskilt språkopplæring, matematikk, naturfag, musikk og framandspråk (fortrinnsvis spansk).
Det er behov for lærar med grunnskuleutdanning 1. - 7. klasse eller 5. - 10. klasse, og at søkjaren har erfaring i å undervisa på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vera aktuelt. Det er kombinasjonen av ynskte kvalifikasjonar til søkjaren, saman
med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danna grunnlag for tilsetjing.
Personlege eigenskapar-
likar å arbeida med barn og unge
-
god relasjonskompetanse
-
er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
-
bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
-
kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover våren og sommaren.
Anna-
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
-
Løn etter gjeldande avtaleverk.
-
Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing.
-
Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jf. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju frå veke 11.
Anna infoArbeidsspråk er nynorsk.
SpørsmålOm du har spørsmål ta kontakt med:
-
rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448, eller
-
assisterande rektor Hilde Anette Bu, tlf. 913 46 788
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450873210
- Sist endret