Miljøarbeidar/assistent, i inntil 40% fast stilling
Gulen kommune
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune, for tida ved eining helse/psykisk helse og rus, har ledig i inntil 40% fast stilling som miljøarbeidar/assistent frå snarast.
Likar du praktisk arbeid, gjerne utandørs, og vil vere med å drifta eit tilbod i lag med psykisk helse og rus? Då kan DU vere den vi gjerne vil ha med på laget. Har du fagbrev som handtverkar eller liknande er det flott, men ikkje noko krav. Vi ynskjer deg som likar å vere i lag med andre og kan vere ein god støttespelar for brukarane våre. Stillinga er fordelt på tre dagar, og ein må rekne med noko ettermiddagsarbeid den eine dagen.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføring av praktiske oppgåver, til dømes; klippe plen, rydding av sti, lage blomsterkassar, køyreoppdrag og liknande. Målet er å skape meiningsfulle aktivitetar for brukarane våre.
- Oppfølging av brukarar, til dømes; samtalar, spasertur og liknande
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar i kommunen, til dømes eigedomsforvaltning
- Rapportering/dokumentasjon
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Ynskjeleg med relevant fagbrev, men ikkje eit krav
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med førarkort for tilhengar
- Må ha erfaring med bruk av verkty
- God kunne snakke godt norsk
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er praktisk anlagt
- Likar å vere i lag med andre menneske
- Har respekt for brukarane og er omgjengeleg
- Godt humør og er raus
- Trivst utandørs
- Vere ein person med initiativ og som kan finne praktiske løysingar på utfordringane som dukkar opp
Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450867111
- Sist endret

