Rådgjevar Medielab
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 27.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar Medielab
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning - Medielab - har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/formidlar, campus Stord og Bergen.
Den ledige stillinga er ei fast 100 % stilling som vertskap og formidlar i Læringslabane ved høgskulen og er delt mellom Bergen og Stord.
Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i høgskulen sin fellesadministrasjon. Medielab er ansvarleg for drift av Læringslab ved alle campus.
Vi søker ein motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i pedagogisk bruk av ulike typar læringsteknologi, formidling og medieproduksjon. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø, som vil gje ettertrakta kompetanse og erfaring. Naudsynt opplæring vil bli gitt.
Arbeidsplass vil vere campus Stord og campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Vere vertskap i Læringslab
- Teknisk og pedagogisk brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab
- Administrere booking av rom og teknologi til utlån
- Drift- og vedlikehaldsansvar for lokaler og utstyr i Læringslab, inkludert video- og AV-utstyr
- Administrere og rettleie praksiselevar og studentassistentar i Læringslab
- Halde korte kurs og workshops i Læringslab
- Ha teknisk ansvar ved gjennomføring av podcast, video- og anna medieproduksjon i Læringslab
- Bistå med teknisk avvikling av arrangement på campus
- Inngå i Medielab sitt produksjonsteam i arbeid med lyd-, bilde- og multimedieproduksjon
- Nettverksarbeid, samt utvikling og vedlikehald av interne og eksterne samarbeidsflater
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant medieteknisk og/eller pedagogisk utdanning, fortrinnsvis på masternivå, minimum bachelornivå
- Dokumentert høg digital kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
Ønska kvalifikasjonar:
- Høg kompetanse i lyd-, bilde- og multimedieproduksjon
- Erfaring med arbeid i UH-sektoren
- Erfaring frå team- og prosjektarbeid
- Kunnskap om ny læringsteknologi som VR/XR/AR.
- Erfaring med utdanningsarbeid og/eller interesse for pedagogikk er ein fordel
- Interesse for droneflyging
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig og serviceinnstilt
- Kreativ og løysingsorientert
- Gode formidlingsevner
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og halde i fleire prosjekt samtidig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgejvar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkaren bli gjort offentleg sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i handsaminga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Einingsleiar Sigrid Jordal Havre, tlf. 55 58 58 15
e-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no
FerdigheterAI-generert
- AR/VR
- Digitale ferdigheter
- Lydproduksjon
- Multimedia Design
- Produksjon av video
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Medielab er ei eining i Avdeling for utvikling av undervising og læring (ALU). Eininga er høgskulen sitt kompetansesenter og laboratorium for digitale medier og teknologi. Vi tilbyr rådgjeving, utvikling og formidling innan undervising, forsking og innovasjon.
Arbeidet vårt omfattar fleirkameraproduksjon, foto, dokumentarfilm, designtenester og utvikling av ny teknologi. Læringslab er vår førstelinjeteneste for hjelp til sjølvhjelp innan ny teknologi på alle campus.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Flere arbeidssteder: Klingenbergvegen 4, 5414 Stord
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Brukerstøtte/support, Drift/Operations, Kurs og opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450860333
- Sist endret
