Miljørettleiar
Suldal kommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Miljørettleiar til team Erfjord skule
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 70 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Om stillinga:
Me har ledig 80% engasjementstilling som miljørettleiar frå snarast til og med 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til eit team kring enkeltbarn. Teamet vil bestå av teamleiar, lærar, miljørettleiar og fagarbeidarar. Som miljørettleiar vil du arbeide i opplæringsmiljøet kring eleven.
Arbeidet ditt som miljørettleiar vil blant anna bestå av følgjande:
Vere i opplæringsmiljøet, og følgje opp eleven i daglege gjeremål innandørs og utandørs
Delta i samarbeids-møter med leiing og teamleiar ved behov
Fagleg støttespelar for teamleiar
Kommunikasjon med heim, støtte-instansar kring eleven og andre etter behov
Delta i utarbeiding av tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
Delta i utviklingsmøter i teamet
Rettleie fagarbeidar og eventuelt andre fagpersonar som går inn i opplæringsmiljøet
Skrive dagsrapportar
Kvalifikasjonar
3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.
Det er eit føremon om du har erfaring med tilsvarande arbeid.
Personlege eigenskapar:
Du er god på relasjonsbygging
Du er ein trygg og stabil vaksen
Du har gode kommunikasjonsevner
Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
Du har eit positivt menneskesyn
I tillegg ynskjer me at du har førarkort klasse B (vanleg sertifikat)
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Bedriftshelseteneste
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan
ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Ferdigheter
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Suldal kommune Erfjord skule
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljørettleiar, teamarbeid, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450852755
- Sist endret
