Fagleiar
Suldal Kommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Teamleiar med fagansvar
Me har ledig inntil 80% stilling som teamleiar med fagansvar frå snarast til 31.12.26, med moglegheit til forlenging.
Om stillinga:
Vår teamleiar går snart ut i permisjon, og me søkjer derfor etter vikar i inntil 80% stilling med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga er knytt til eit team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, som består av pedagog, fagarbeidar og miljørettleiar, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev.
Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.
Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande:
Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet
Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis.
Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø
Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov
Kvalifikasjonar:
3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.
Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk
Me opnar for søkjarar med anna utdanningsbakgrunn
Personlege eigenskapar:
Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar
Du er god på relasjonsbygging
Du er ein trygg og stabil vaksen
Du har gode kommunikasjonsevner
Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
Du har eit positivt menneskesyn
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Bedriftshelseteneste
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Ferdigheter
- Barnepsykiatri
- Pleie og omsorgsarbeid
- Spesialpedagogikk
- Utvikle arbeidsprosedyrer
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Suldal kommune
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
- Sektor: Offentlig
- Sted: 4233 Erfjord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Pedagogisk leder, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teamleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, vernepleiar, samarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450849120
- Sist endret
