Lærar, 40% mellombels stilling - oppstart 02.03.26
Gulen kommune
- Frist 27.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Gulen kommune, for tida ved Kultur og mangfald, søkjer etter 40% mellombels stilling som lærar ved norsksenteret, frå 02.03.26 til medio juni 26. Ein er avhengig av at den som får tilbod om stillinga kan starta 02.03.26. Eininga har ansvar for vaksenopplæringa og introduksjonsprogrammet i kommunen. Me ynskjer å gje elevar og deltakarar ein god start på vegen vidare som innbyggjar i Gulen kommune.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Norsksenteret i kommunen er plassert under eining Kultur og mangfald. Den mellombelse stillinga er tenkt knytt til undervising i norsk for nykomne flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Krav til stillinga er; godkjent lærarutdanning og norsk som andrespråk. Ein må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Språkkompetanse i ukrainsk er ein fordel. Kjennskap til opplæringslova og integreringslova er tenleg.
Fagkrav i stillinga vil i hovudsak vere norsk som andrespråk. Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle fagkrava/undervisingskompetansen kan verte vurdert for stillinga, dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervising
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringsmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450848814
- Sist endret