Stilling som pedagogisk leder
Brattvåg Barnehage SA
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og utviklande kvardag for barna? Vi søkjer ein engasjert og fagleg pedagogisk leiar som brenn for barns trivsel, utvikling og læring. Oppstart 04.05.26 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver:
-
Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø.
-
Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet i tråd med Rammeplanen for barnehagen.
-
Inkludere, rettleie og støtte kollegaer i det daglege arbeidet.
-
Bidra til eit godt samarbeid med foreldre og føresette.
-
Delta aktivt i barnehagens leiarteam og utviklingsarbeid.
-
Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar.
Kvalifikasjoner:
-
Godkjend barnehagelærarutdanning
-
Gode samarbeids- og leiareigenskapar.
-
Erfaring frå barnehage er ønskjeleg.
-
Gyldig politiattest, jfr Lov om barnehagar §30.
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, i samsvar med barnehagelova §28.
Personlige egenskaper:
-
Du er tydeleg og trygg rollemodell for barn, foreldre og kollegaer.
-
Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner. Du er open og ærleg, og bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
-
Du er fleksibel, positiv og løysingsorientert.
-
Du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
-
Du er oppteken av barns medverknad og leikens eigenverdi.
Vi tilbyr:
-
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
-
Fagleg utvikling og kompetanseheving.
-
Lønn etter gjeldande tariffavtale.
-
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag.
-
Ein barnehage som er oppteken av å gi medarbeidane ansvar, tillit og moglegheit til å påverke sin eigen kvardag.
Politiattest må leverest ved tilsetting.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450843184
- Sist endret

