Sommerjobb til personar med utviklingshemming
Arbeid og aktivitet, Ålesund kommune
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Ålesund kommune ved verksemd Arbeid og Aktivitet vil gi tre ungdommar som skal starte eller som går på vidaregåande skule, og som har ei utviklingshemming tilbod om sommarjobb. Vi vil ha inntil tre stillingar. Du vil få moglegheit til å jobbe i inntil 4 veker frå skuleslutt til skulestart, og i inntil 15 timar per veke. Har du ein draum/tankar om kva du vil arbeide med i framtida? Dersom du har dette hører vi gjerne fra deg.
Vi vil i samarbeid med deg og dine nærpersonar og andre prøve å bistå deg slik at du får sommarjobb innan noko du ser for deg du vil halde på med i framtida. Du kan også berre ha eit ønske om å teste ut arbeidslivet. Vi ønsker at du skal oppleve mestring, inkludering og trivsel i ditt møte med arbeidslivet. Vi vil hjelpe deg å prøve å finne ein arbeidsplass der du kan trives, og som kan skape motivasjon til val i framtida. For å kunne lykkast er vi avhengig av å samarbeide med arbeidsplassar som kan ha ein fadder som fyl deg opp i aktuelt tidsrom.
Kanskje er draumejobben din i barnehage, på sjukeheim, på hotell, som vaktmester, på butikk, på cafè eller liknande. Vi kan ikkje love at vi lukkast å finne jobb akkurat der du ønsker, men vi skal gjere vårt beste.
Kanskje kjenner du nokon som kan bidra med å skaffe deg sommarjobb og følge deg opp? Eller kanskje du har hatt sommerjobb tidlegare?
Sjekk ut dette tilbodet til NAV: Tilskudd til sommerjobb-nav.no.
Dette er verdt å undersøke dersom du ikkje fyller kriteriar for å søke på sommerjobb i denne annonsa. Det er ønskeleg at dei som kanskje har ein jobb/fadder allereie går i dialog med aktuelle arbeidsgivere og NAV snarleg for å finne ut om ein kan nytte tilskuddsordninga det er lenka til. Dersom det ikkje er mogleg kan ein søke på sommerjobb via Ålesund kommune.
Arbeidsoppgåver
- Skriv ein søknad om kven du er, kva du har lyst å arbeide med og om du har nokon som kan bistå deg med å ordne ein arbeidsplass. Eller som kan være fadder på aktuell arbeidsplass. Vi bistår viss du ikkje har dette.
- Vi ønsker også at du skriv kva arbeidsoppgåver du kan klare. Du må gjerne få hjelp til å skrive søknaden din.
- Vi ønsker også at du skriv om du har nærpersonar/andre som kan bistå deg dersom du vil arbeide i veke 28-31. Grunna ferieavvikling har ikkje Arbeid og Aktivitet nokon som kan bistå i aktuelt tidsrom.
Kvalifikasjonar
- Du må være busett i Ålesund kommune.
- Du må skulle starte eller gå på vidaregåande skule i år og ha diagnose psykisk utviklingshemming/utviklingsforstyrring.
- Du ønsker å prøve ut arbeidslivet i trygge rammer.
- Du har ein draum om å få jobb i ordinært arbeidsliv eller liknande når du er ferdig på vidaregåande.
- Du ønsker jobberfaring ut i frå dine interesser.
- Du klarar å arbeide nokså sjølvstendig med oppfølging og tilrettelegging i forhold til arbeidsoppgåver av ein fadder på arbeidsplassen.
- Du klarar å komme deg til og frå arbeid, og til og frå eventuelle tilsynsordningar før og etter arbeidstid.
- Du kan arbeide i tidsrommet 22 juni og fram til 3 juli, og fra 3 august og fram til 14 august - dette blir individuelt tilpassa. Grunna ferieavvikling i arbeid og aktivitet i veke 27,28,29 og 30 må du ha nokon andre som fyl deg og arbeidsgivar opp dersom du helst ønsker å jobbe i dette tidsrommet.
- Vi ønsker at du oppgir ein referanse som kjenner deg og dine behov godt.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert til å prøve deg i arbeidslivet.
- Du møter til avtalt tid og gir beskjed ved fravær.
- Du er positiv.
- Du ønsker å være ein del av arbeidslivet i framtida di.
- Dersom du fyller vilkår for å søke på sommerjobb vil du bli kalla inn til intervju før vi samarbeidar om å finne eigna arbeidsplass.
Vi tilbyr
Du vil få ein avtale om arbeidspraksis med oppmuntringspengar frå Ålesund kommune. Vi tilbyr 166 kroner timen.
Oppmuntringspengar vil bli utbetalt av Ålesund kommune sjølv om du har praksis i det private næringslivet. Oppmuntringspengar vil ikkje generere feriepengar til komande år.
Dersom du får sommerjobb via tilskuddsordninga til NAV vil deira reglar gjelde. Ålesund kommune vil også samarbeide med NAV dersom du er ein aktuell kandidat.
Du vil få prøve deg i arbeidslivet slik du kan lettare ta val om kva du vil arbeide med i framtida.
Du vil bli kalla inn til intervju dersom du fyller vilkår for å få sommerjobb/arbeidspraksis. Ålesund vil etter kriteriar gjere eit utval av kandidatar som får komme til intervju. Ved mange søkere vil kandidatar som ikkje har fått moglegheiten tidlegare bli prioritert dersom ein fyller kriteriane for å få sommerjobb.
Saman lagar vi informasjon som blir gitt til aktuell arbeidsgivar.
Du leverar timelista di til Arbeid og Aktivitet før 25 august og får utbetaling den 12 september 26.
Kontaktinformasjon
Stine Yvonne Botn Løvold, Verkesemdsleiar, 970 05 844, stine.yvonne.botn.lovold@alesund.kommune.noArbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5076909790
Stillingsprosent: 30%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450836866
- Sist endret




