Kontaktlærar
Byglandsfjord skule, Bygland Kommune
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst til å vere med og forme skular som det verkeleg blir satsa på?
I så fall har du sjansen no!
Vi har ledig eit 100% årsvikariat som kontaktlærar i 1.og 2. klasse skuleåret 2026-2027.
Byglandsfjord skule har fokus på fysisk aktiv læring, og vi har eit flott uteområde med fjord og fjell tett på som vi nyttar i undervisninga.
Vi har god kompetanse på dysleksi, lesing og skriving, og har fokus på inkludering og kvardagsmeistring.
Byglandsfjord skule har om lag 40 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Dette gir oss eit unikt høve til å arbeide heilskapleg, og vi har fokus på laget rundt barnet. Som ein del av dette flotte kollegiet blir du godt tatt imot, og får ein triveleg arbeidskvardag med god oppfølging både frå kollegaer og leiing. Du får høve til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Vi arbeider i hovudsak i team fordelt på småtrinn og mellomtrinn, men har også samarbeid på tvers av alle trinn. Byglandsfjord skule er eit samlingspunkt som ligg sentralt i bygda. Vi har tilgong til ein flerbrukshall.
Dei som blir kalla inn til intervju, men ikkje får tilbod om stillinga, kan bli tilbydde timar som tilkallingsvikar.
Arbeidsoppgaver
- Undervisning hovudsakleg i 1.-2. klasse
- Samarbeide med lærarar, skuleleiing, skulehelseteneste og andre fagpersonar for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane.
- Arbeid med individuelt tilrettelagt opplæring.
- Samarbeid med foreldre/føresette.
- Pedagogisk utviklingsarbeid innanfor og på tvers av team.
- Delta i planleggingsarbeid, samarbeidsmøte, personalmøte, ansvarsgruppemøte og kursverksemd etter avtale og plan.
- Planleggje og evaluere eige arbeid.
- Bidra til å bygge ein robust skulekultur som fremjar trivsel, samarbeid og sosial kompetanse.
Kvalifikasjoner
- Godkjent lærarutdanning.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Ønskeleg med:
- Erfaring som kontaktlærar.
Personlige egenskaper
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
- Positivt elevsyn, raus, tydeleg og omsorgsfull.
- Evne til å kommunisere med, og bygge gode relasjonar til barn og kollegaer.
- Evne til å handtere utfordringar med tolmod og ro, og skape ei trygg og inkluderande atmosfære der elevane kjenner seg sett og respektert.
- Like og samarbeide, samtidig som ein òg må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Fleksibel og løysingsorientert, samt gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på den einskilde eleven, gjere ein stor forskjell og vere med på spanande pedagogisk utviklingsarbeid.Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt gode personal- og
skadeforsikringsordningar. - Regjeringa har innført ei ordning som gjev moglegheit for nedskriving av studielån for personar som
bur og arbeider i ei distriktskommune. - Lønn etter gjeldande tariff.
Vilkår for tilsetjing
For tilsetjing i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn tre månader. Denne må leggjast fram før tilsetjinga trer i kraft (jf. opplæringslova § 10-9 og forskrift til opplæringslova kap. 15).
Alle vitnemål og attestar skal lastast opp i søkjeportalen.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom ei oppmoding om reservasjon ikkje kan imøtekomenast (jf. offentleglova § 25).
Kontaktinformasjon
Linda Hemmestad Dale, Rektor/Virksomhetsleder, +4741302416Arbeidssted
Rv9 8604741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5080273426
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 09.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450777801
- Sist endret