Vernepleiar 100% fast
Alver kommune
- Frist 27.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Spanande stilling som vernepleiar i nyoppstarta bufellesskap!
Nyoppstarta burettslag
Me søkjer etter en engasjert vernepleiar til eit nytt burettslag med planlagd oppstart april 2026.
Som tilsett vil du få ein unik moglegheit til å vera med frå starten av eit nytt tiltak, og aktivt bidra til å forma arbeidsmiljø, faglege rutinar og tenestetilbodet for tenestemottakarane. Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å vera med og byggja gode, trygge og framtidsretta tenester. Burettslaget er lokalisert på Frekhaug. Stillingane er knytt til turnus med både langvakter og kortvakter, med arbeid kvar 4. helg i langvakter.
Burettslaget skal vera heimen til 8 vaksne personar med ulike behov for bistand og oppfølging i kvardagen, og vil ha behov for individuelt tilpassa støtte og oppfølging, mellom anna knytt til:
- Miljøterapeutisk oppfølging
- Rettleiing i daglege gjeremål og meistring av eige liv
- Sosial deltaking, kommunikasjon og struktur i kvardagen
- Helse- og omsorgstenester etter individuelle vedtak
Om stillinga
Som vernepleiar vil du få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.
Du må trivast med å arbeida strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Oppstart i stillinga er er etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og tilretteleggje for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov
- Arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak
- Sikre forsvarleg dokumentasjon og evaluering av tiltak i samsvar med gjeldande faglege og juridiske rammer
- Ivareta primærkontaktoppgåver
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Bidra til sjølvbestemming, utvikling og meistring hos tenestemottakarane
- Leggje til rette for godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre fagpersonar
- Bidra til eit godt omdømme, arbeidsmiljø og fagleg utvikling i personalgruppa
- Følgje gjeldande rutinar for legemiddelhåndtering
- Sikre at tiltak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 vert ivaretekne på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
- Utføre andre oppgåver delegert frå leiar
Kompetansekrav
- Godkjent utdanning og autorisasjon som vernepleiar
- Sjukepleiar med relevant erfaring kan og bli vurdert
- Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid i bufellesskap
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem
Det er eit føremon med:
- Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
- God forståing for tryggleik, struktur og omsorg
Kven er du?
Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar med gode evne til å møte tenestemottakarane med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, ulikt bistandsbehov, åtferd som utfordrar - og du trivst med å vere ein viktig fagperson i kvardagen deira. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i eit samarbeid.
Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje.
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell!
Me tilbyr
- Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag, der du får brukt vernepleiaren i deg!
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff i Alver kommune og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff
- Gratis parkering
- Årsturnus med langvakter og arbeid 4.kvar helg
- Løn i samsvar med lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mjåtveitstø 12, 5918 Frekhaug
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450754218
- Sist endret