Helsefagarbeidar - vikariat
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig vikariat i 100 % stilling som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg. Vikariatet er ledig frå snarast og t.o.m. 31.01.2027.
Stillinga inngår for tida i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og teneste av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtaler og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal.
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift.
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
- Legemiddelhandtering.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- God digital kompetanse og kan nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar
- Er trygg og engasjert.
- Har fokus på forebygging og på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar.
- Er løysingsorientert og glad i nye utfordringar.
- Er fleksibel og arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5079727127
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450753000
- Sist endret



