Jobbspesialist - Arbeid med støtte
Nav, Askøy (regionkontor vest)
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Trur du at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vere tydeleg og direkte? Då kan det vere deg vi ser etter!
Nav Region Vest har ledig ei fast stilling som jobbspesialist i tiltaket "Arbeid med støtte". Arbeidsstad vil vere i både Nav Askøy og Nav Øygarden sine kontorlokale.
Nav Askøy held til på Kleppestø. Vi er om lag 70 tilsette på kontoret og vi samarbeider tett med Nav Øygarden som saman med oss utgjer Region Vest i Nav Vestland. Kontoret ligg sentralt til og det tek 12 min med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer ein køfritt frå Bergen til Askøy.
Vi søkjer ein jobbspesialist til tiltaket Arbeid med støtte. Du vil bli ein del av ei nyoppretta regional avdeling i region Vest. Avdelinga omfattar jobbspesialistar, marknad og tiltak i regionen. Du bør vere ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot som vil jobbe i eit engasjert og nyskapande team beståande av fire andre jobbspesialistar og metoderettleiar. Som jobbspesialist vil du gi tett oppfølging til arbeidssøkarar. Vi jobbar for å hjelpe unge ut i ordinære arbeidsforhold eller læreløp. Arbeidet inneber mykje tid ute hos arbeidsgivarar for å bygge nettverk og få kunnskap om korleis dei enkelte yrka og bedriftene kan inkludere fleire inn i ordinært arbeid.
5300 Kleppestø
Referansenr.: 5078407256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kva går jobben ut på?
- tett dialog og kontakt med arbeidsgjevarar
- oppsøkje, gjere avtaler med arbeidsgjevarar og bygge nettverk
- kartlegge og følgje opp deltakarar i eigen portefølje
- hjelpe bedrifter med å ta imot lærlingar
- rettleie deltakarar i jobbsøkjarprosessen
- engasjere og motivere deltakarar
- følgje opp deltakarar på arbeidsplassen
- aktivt bidra til å nå måltalet vårt, 65 % overgang til arbeid
- registrering og rapportering
- bidra til godt samarbeid internt med andre rettleiar
- auke kompetansen om Nav
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet innan HR, helse, sosialfag, pedagogikk eller samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- førarkort klasse B
- erfaring frå arbeid med inkludering, rekruttering eller rettleiing
Det ein fordel om du har
- erfaring frå Supported Employment
- erfaring frå karriererettleiing og samtalemetodikk
- kjennskap til forskjellige vegar til fagbrev
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg
- er god til å kommunisere med ulike menneskjer og som skaper gode og trygge relasjonar med brukare
- kan prioritere, har god oversikt over oppgåver, og har evne til å handtere uventa hendingar
- er sjølvgåande og har evne til eigenmotivasjon
- trivst med å verte følgd opp på kvalitet og resultat
- har eigenskapar til å byggje relasjonar og nettverk i arbeidsmarknaden
- arbeider strukturert og er trygg på å bruke system
Kvifor velje oss
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- kurs i Supported Employment og fagleg oppfølging frå metoderettleiar
- eit godt og fagleg arbeidsmiljø som er opptatt av utvikling
- gode og inkluderande kollegaer
- stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr 640 000 til kr 670 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Waqas Younis, Avdelingsleder, 48357587, waqas.younis@nav.noArbeidssted
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5078407256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450736618
- Sist endret