Maskinsjef til hurtigbåtane i Bergen!
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein maskinsjef som ønsker å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa.
Som maskinsjef vil du ha ansvar for teknisk utstyr og maskineriet. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold. Du blir ein del av brubesetninga om bord, saman med skipsførar og overstyrmann. Det er krav om fargesyn, då du vil vere ein del av utkikkfunksjonen.
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
- Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
Du kan reise heim etter endt vakt, og dersom du treng det tilbyr vi hybel i arbeidsperioden.
I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3 opptil 3000 kW
- Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Turnus: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Strandkaien5013 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5079764049
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450722818
- Sist endret