Sommerjobb 2026. Omviser / Ringevikar / Sesonghjelp / Guide / Kafé
Museumssenteret i Hordaland
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Som omvisar og museumsvert er du ein viktig del av publikumsopplevinga. Du møter besøkande i alle aldrar og frå ulike land, og formidlar historie og kultur på ein forståeleg og engasjerande måte. Arbeidsoppgåvene blir utførte både sjølvstendig og i samarbeid med andre tilsette.
Vi er særleg interessert i søkjarar som òg har moglegheit til å vere tilkallingsvikar etter sommarsesongen, men dette er ikkje eit krav.
Vi søkjer 5-7 guidar til alle MUHO sine avdelingar: Tekstilindustrimuseet, Osterøy museum/Havrå, Vestnorsk utvandringssenter og Lyngheissenteret. I søknaden ber vi deg spesifisere kva for ei eller kva for nokre avdelingar du ønskjer å jobbe ved.
Arbeidsoppgåver
- Omvising og formidling til publikum på norsk og engelsk
- Vertskap, resepsjon og billettsal
- Enkle kaféoppgåver som servering og rydding
- Arbeid i museumsbutikk (ved enkelte avdelingar)
- Enkel dagleg orden og reinhald
- Bidra til aktivitetar og arrangement, inkludert tilbod for barn
- Køyring mellom avdelingar ved behov (gjeld enkelte stillingar)
Oppgåvene varierer mellom avdelingane, men omvising og publikumskontakt utgjer hovuddelen av stillinga.
For enkelte stillingar kan det vere nødvendig å køyre mellom avdelingane. Dette føreset førarkort og tilgang til køyretøy. Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er:
- Serviceinnstilt og imøtekomande
- Trygg i møte med publikum
- Fleksibel og løysingsorientert
- I stand til å arbeide sjølvstendig og i team
MUHO sine verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjer deg som kan identifisere deg med desse.
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå service, kafé, guiding, museum eller kundebehandling
- Interesse for historie, kultur eller formidling
- Fleksibilitet til å jobbe på fleire avdelingar
Opplæring vil bli gitt.
Krav
- Du har fylt 18 år
- Du meistrar norsk og engelsk munnleg
- Du kan delta på opplæringsdag 4. mai
- For enkelte stillingar er det krav om førarkort
- Stillingane har krav om vandelsattest (politiregisterforskriften §34-18)
Vi tilbyr
- Ein variert og sosial sommarjobb i historiske omgjevnader
- God opplæring og førstehjelpskurs
- Løn etter tariff
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450617734
- Sist endret
