Kommunikasjonsrådgjevar villrein
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 05.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du hjelpe villreinen og viktig natur gjennom målretta kommunikasjon?
Om stillinga
Villreinen er under press, og populære naturområde i Noreg blir nedslitne av mykje besøk. No er vi på jakt etter deg som er interessert i natur og forstår korleis kommunikasjon kan bidra til å ta vare på villreinen og naturen vår.
Du har erfaring frå praktisk kommunikasjonsarbeid og er oppteken av å samordne bodskap og innhald på tvers av kanalar. Du likar å arbeide med folk og i nettverk med mange aktørar.
I stillinga blir du ein del av eit større fagmiljø med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe med fagfolk innan naturforvaltning og kommunikasjon i embetet vårt og på tvers av geografi og forvaltningsnivå. Den utlyste stillinga er ved forvaltningsknutepunktet vårt i Aurland.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å styrkje formidlinga av kunnskap om villrein, verneområde og naturområde med mykje ferdsel på nettsider, i media, sosiale medium og andre relevante kanalar for besøkande
- Sikre at besøkande får informasjon før og under besøket
- Bidra til å utvikle og gjennomføre felles nasjonal kommunikasjonsstrategi
- Ha dialog og samarbeid med aktuelle aktørar/brukargrupper innan reiseliv, friluftsliv m.m.
- Sikre einskapleg kommunikasjon om villrein og verneområda
- Bidra til å utvikle og leggje til rette informasjon for nasjonalparkstyra og autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv
- Noko reising og uteaktivitet
Kvalifikasjonar
- Kommunikasjonsfagleg utdanning på bachelornivå, relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg formidling, både på norsk og engelsk
- Erfaring med mediearbeid, nettarbeid og sosiale medium
- Gode ferdigheiter innan produksjon av foto og film er ein fordel
- Interesse for natur er ein fordel
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og initiativrik
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Strukturert og med god gjennomføringsevne
- God til å gjere komplekse tema forståelege
- God rolleforståing
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Aurland er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 550 000-720 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjordsenteret, Onstadvegen 25, 5745 Aurland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Illustrasjon, Markedsfører, PR og informasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450610793
- Sist endret

