Aktivitetsleiarar
Klepp kommune, Kultur
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Aktivitetsleiarar til "open hall"
Ved kulturavdelinga / Axis er det ledige stillingar som:
Aktivitetsleiarar «Open hall» - prosjekt
Stilling: deltid, ca. 10 timar per månad. Arbeid annakvar fredag kveld.
Prosjekt frå 15.09.2025 til 31.12.2026
Me har fått tilskot til eit «Open hall» -prosjekt for ungdom. Me har allereie starta opp eit tilbod i ein av to idrettshallar i kommunen 3 timar kvar fredag kveld. Me ønskjer no å starta opp tilsvarande i endå ein idrettshall i kommunen. Prosjektet vil vara ut 2026.
Me ønskjer å knytte til oss 2-3 nye aktivitetsleiarar til å arbeida med dette. Arbeidet vil vera annakvar fredag gjennom heile året og det blir lagt opp til samarbeid med aktuelt idrettslag. Me søkjer og etter tilkallingspersonar til dette prosjektet.
Arbeidsoppgåver
Organisera, iverksette og leggja til rette for aktivitet for ungdom i open hallSkapa eit kjekt variert leik/ fysisk aktivitet-innhald som alle kan delta i
Samarbeid omkring andre tilbod ved Axis, med ungdom, frivillige og andre, for å utvikla eit heilskapleg ungdomstilbod
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss søkjarar som:
- har variert erfaring frå idrettsleg- eller leikbasert fysisk aktivitet og helst noko trenar- eller leiarerfaring frå aktivitet for barn og unge.
- har gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk munnleg
- aldergrense for søkere: minimum 20 år
Det blir stilt krav om gyldig politiattest
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar- engasjement, motivasjon og energi til å vera med å skapa eit godt og spannende ungdomstilbod
- open og utadvendt, inkluderande, trygg og aktiv
- gode evner til samarbeid og kommunikasjon både med barn og vaksne
- ærleg, ansvarsbevisst, ordentleg, sjølvstendig og lojal
Vi tilbyr
- Spanande meiningsfylt arbeid- God opplæring, oppfølging og veiledning
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Gratis parkering
- Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Bedriftskunstforening
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5079672854
Stillingsprosent: 7%
Engasjement
Startdato: 20.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 26.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450606733
- Sist endret
