Sjukepleiar
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kom og bli med! Vi har behov for ein positiv og engasjert tilsett med oss på laget.
Vi har ledig eit vikariat for sjukepleiar fram til 31.08.2026, med moglegheit til forlenging.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom.
Sengeposten vår består av 13 nevrologisenger, der to av desse er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og i dag har vi åtte senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er tilknytta det indremedisinske fagområdet.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan mange ulike fagfelt, spesielt nevrologi og rehabilitering.
Har du erfaring eller ønske om å jobbe med desse fagområda, håpar vi du tek kontakt.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
- Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
- Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
- Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Bidra i relevant forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Utfordrande og variert arbeid
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5072197054
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450605450
- Sist endret

