Overlege
Helse Fonna HF
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Overlege Akuttmottak
Mottaksavdelinga er ei aktiv og framtidsretta eining med høgt tempo. Eininga omfattar Felles Akuttmottak, og frå 2026/2027 også ei ny observasjons-/Akutt 24-post. Her jobbar overlegar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsesekretærar, i tillegg til vaktfunksjonar frå alle speisalitetar.
Du blir del av eit tverrfagleg team som utviklar akuttmedisin og sikrar kompetanse i front for dei mest kritiske pasientane. Vi har stort fokus på samarbeid med førstelinjetenesta og betre pasientforløp, og samarbeidar tett med alle fagområde innan somatikk og psykisk helsevern.
Vi har no ledig eit svangerskapsvikariat som overlege i Akuttmottak/Akutt- og mottaksmedisin.
Ansvarsområdet omfattar både akuttmottak og Akutt 24, i eit team med tre overlegar. Arbeidstid er dagtid med noko kveldsarbeid ein til to gonger i veka.
👉 Søk idag!
Kva går jobben ut på?
- Mottak, behandling og stabilisering av pasienter med behov for øyeblikkelig hjelp
- triagering av pasientar i samarbeid med sjukepleier
- øyeblikkelig hjelp- poliklinikk
- koordinering av akuttmottak ved stor pågang
- Simulering og supervisjon av LIS 1/2/3
- Samhandlingstelefon som betjener leger i kommunene i vårt nedslagsfelt
- POCUS - point of care ultrasound
- Visitt på Akutt 24
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Overlege innen relevant fagfelt
- Erfaring med POCUS er ønskelig
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er positiv og er interessert i å utvikle et fag som fortsatt er veldig nytt i Norge
- trives med høyt tempo og kan ta raske avgjørelser
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- har gode samarbeidsevner
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit aktivt og positivt arbeidsmiljø, der vi jobbar tett i team, støttar kvarandre – og er opne for utvikling og nye arbeidsmåtar.
- Lønn etter gjeldande overeinskomst.
- Ein variert arbeidskvardag, der oppgåvene og tempoet kan skifte – og du får brukt breidda di.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Pasienttriage
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, akuttmottak
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450574084
- Sist endret

