Bli Støttekontakt idag!
Hjartdal kommune Heimetenesta
- Frist 31.12.2026
Kva gjer ein støttekontakt?
Ein støttekontakt er ein person som hjelper ein enkelt person med å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Dette er ei kommunal teneste for personar som treng hjelp til å delta i sosiale aktivitetar og/eller komme seg ut.
Kven kan bli støttekontakt?
Du treng inga spesiell utdanning for å bli støttekontakt. Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna, vere interessert i menneske og ha respekt for andre. I tillegg vil interesse og erfaring med kultur- og fritidsaktivitetar ha betydning.
Fortrinnsvis søker vi etter personar frå 18 år og oppover som ønsker å hjelpe andre med aktivitetar.
Hvilke krav har vi til støttekontaktar?
Lønn etter tariff og sattsar i kommunal sektor. Godtgjering etter avtale ved utlegg til aktiiteter.
Du som støttekontakt har teieplikt om personlege forhold knytte til brukaren, jamfør § 13 i forvaltningslova.
Støttekontaktar må ha gyldig politiattest.
Ein har ansvar for å sende inn rapportar som beskriv korleis fritidsaktiviteten fungerer. Mangel på rapportering kan føre til at oppdraget blir avslutta.
Det er viktig at støttekontaktar samarbeider godt med foreldre, pårørande, frivillige lag /organisasjonar og offentlege instansar.
For meir informasjon ta kontakt med kontaktperson i annonsa.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450475354
- Sist endret

