Prosjektleiar / Dagleg leiar Nordfjord Smak SA (50 % i et 2-årig engasjement)
Nordfjord Smak Sa
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du vere motoren i utviklinga av lokal mat og drikke i Nordfjord?
Brenn du for småskalaproduksjon, berekraft og lokal verdiskaping? Likar du å bygge nettverk, skape struktur og få ting til å skje? Då kan dette vere jobben for deg.
Hva vi ser etter
KVALIFIKASJONAR
-
God kjennskap til Nordfjord og relevant næringsmiljø
-
Erfaring frå sal og/eller logistikk er ein fordel
-
Forståing for småskalaproduksjon og matsikkerheit
-
Erfaring med prosjektleiing eller sjølvstendig ansvar
-
Gode kommunikasjonsferdigheiter kommunikasjonsevner?
-
Erfaring med prosjektutvikling og søknadsskriving er ein fordel
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
-
Utadvent, engasjert og relasjonsbyggande
-
Strukturert og sjølvstendig
-
Initiativrik og løysingsorientert
Arbeidsoppgaver
Nordfjord Smak SA er eit nyetablert samvirke som samlar lokal mat- og drikke-produsentar, i Nordfjord. Vi skal bygge ei sterk merkevare, auke salet av lokale produkt, styrke kompetansen, og skape nye arenaer for samarbeid og utvikling. No søker vi ein prosjektleiar i 50 % stilling, som òg vil fungere som dagleg leiar for selskapet.
ANSVARSOMRÅDER
-
Gjennomføre strategi og handlingsplan 2026--2028
-
Sikre god drift i tråd med vedtekter, retningslinjer og kvalitetskrav saman med styret
-
Bindeledd mellom andelseigarar og samarbeidspartnarar
-
Legge til rette for nettverksmøter og faglege arenaer
-
Koordinere deltaking på messer, marknader og arrangement
-
Utvikle og kvalitetssikre merkevara Nordfjord Smak
-
Utarbeide nyheitsbrev og kommunikasjonsmateriell
-
Skape prosjekt og følge opp søknadar og pilotar
Vi tilbyr
VI TILBYR
-
Moglegheit til å bygge ei ny satsing i Nordfjord
-
Variert arbeidskvardag med stort ansvar
-
Samarbeid med eit engasjert produsentmiljø
-
Løn etter avtale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450474776
- Sist endret
