Butikkmedarbeidar i 50-80 % fast stilling – Intersport Stranda
Intersport Stranda As
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med å selje klede, sko og utstyr til sport, fritid og friluftsliv?
Dette er ei variert rolle for deg som trivs med kundekontakt og ein aktiv arbeidsdag. Hjå oss jobbar du med både kundar, varer og drift – og du blir ein viktig del av kvardagen i butikken.
Hva vi ser etter
· Er over 18 år
· Har interesser innafor sport, trening og friluftsliv
· Kommuniserer godt munnleg på norsk
· Er imøtekommande, serviceinnstilt og trivst med aktiv kundekontakt
· Er påliteleg, løysingsorientert, tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og i team
· Vil vere ein aktiv og positiv bidragsytar i teamet
Arbeidsoppgaver
Kundeservice og sal
· Yte aktiv og profesjonell kundeservice og vegleie kundar i val av sport-, fritids- og friluftsutstyr
· Skape gode kundemøte og bidra til høg kundetilfredsheit
Butikkdrift
· Samarbeide med teamet om dagleg drift og bidra til eit godt arbeidsmiljø
· Varemottak, varepåfyll og vareplassering
· Sikre at butikken til ei kvar tid er ryddig, oversiktleg og innbydande
· Betening av kasse og handtering av betaling
· Delta i gjennomføring av kampanjar, salstiltak og lokal marknadsføring
· Moglegheit for å delta med vareinnkjøp/messearbeid
Vi tilbyr
· 50-80 % fast stilling
· Konkurransedyktig lønn og pensjonsordning med 4 % innskot
· God personalkjøpsordning
· Opplæring og støtte av kollegaer
· Moglegheit for meir ansvar og utvikling
· Godt arbeidsmiljø i eit lite team
Arbeidstider:
- Stillinga inneber arbeidstid innafor opningstidene og arbeid annakvar laurdag.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450467791
- Sist endret

