Lærling i innholdsproduksjons faget
Felles tjenester, Klepp kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Klepp kommune søkjer motivert lærling i innholdsproduksjonsfaget.
Som lærling hos oss får du jobbe med tekst, foto, video og grafisk design, og du lærer korleis innhald blir til i praksis – frå A til Å. Hos oss vil du få høve til å produsere og formidle innhald i fleire kanalar, og byggje verdifull kompetanse innan media og digital kommunikasjon.
Å vere lærling betyr at du er mellombels tilsett så lenge læretida varer. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar, og du får gradert løn i læretida. Etter endt læretid skal du opp til fagprøve, som blir gjennomført i løpet av tre arbeidsdagar. Når du har fullført og bestått fagprøva, får du fagbrev og yrkestittelen innhaldsprodusent.
Oppstart er i august 2026, læretida er to år.
Arbeidsoppgåver
- Målretta arbeid med kompetansemåla i faget
- Dokumentasjon i elektronisk opplæringsbok
- Planleggje og produsere ulike innhaldsproduksjonar
- Arbeide med målretta bodskap mot ulike målgrupper og plattformer
- Redigere film, lyd, bilete og tekst
- Bistå i prosjektarbeid og gi faglege råd til kollegaer og samarbeidspartnarar
- Utvikle ferdigheiter i bruk av verktøy, teknologi og utstyr
- Etikk og personvern
- Ta miljømedvitne val i yrkesutøvinga
Kvalifikasjonar
- Bestått Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon og Vg2 medieproduksjon
- God kunnskap innan teknologi
- God på kommunikasjon og visuelle verkemiddel
- Interesse for visuell kommunikasjon, SoMe, design og teknologiske løysingar
- Samarbeidsvillig, punktleg og serviceinnstilt
- Krav til norsk nivå B2
Du som går VG2, må legge ved kompetansebevis fra VG1 og karakterutskrift fra VG2.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for faget og ønskjer ny kunnskap.
- Du har evne til fleksibilitet og til å arbeide sjølvstendig.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er ærleg, ansvarsfull og punktleg.
- Du ønskjer å bidra til eiga utvikling i samarbeid med rettleiar.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit trygt arbeidsmiljø
- Vi har lærlingetreff og lærlingeskule
- Ei god læringsarena i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Rettleiing og oppfølging av kvalifisert fagleg leiar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Tilsetjing skjer på dei vilkåra og med dei pliktene som går fram av utlysinga, og i tråd med gjeldande lover og reglar.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Nordahl Næss, Leder kommunikasjon, 91710238Irja Marie Stenby, Rådgiver, +47 48131347
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5079024754
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 02.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450460747
- Sist endret