Ferievikar i omsorgstenesta
Omsorgstenestene i Hyllestad
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Dei faste tilsette skal avvikle velfortent ferie og vi treng sommarvikarar frå ca veke 26 - 32.
Vi har behov i:
-
pleien ved institusjonen
-
heimesjukepleien
-
miljøarbeid
-
BPA
-
reinhald/vaskeri
-
Oppgåvene er varierte alt etter kvar du jobbar, dette kan vere pleie, omsorg, miljøarbeid og kjøkkenoppgåver. I hovudsak vil det vere oppgåver knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt hjelpe til ved måltid/mating.
-
Arbeid etter oppsett turnus, både dag, kveld og helg. Moglegheit for å arbeide 2. kvar helg i sommar etter eige ønskje.
-
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag, dette gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanning
-
Søkjarar til arbeid i heimetenesta må ha førarkort for bil
-
Tilsetting føreset godkjent politiattest og helseattest (smittevern) i tråd med lovverket. Politiattestan kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding
-
Vi ser det som viktig at du likar eldre mennesker, kan vise omsorg og bry deg om andre
-
Søkjarar må vere fylt 16 år ved oppstart i jobben
-
80 - 100 % vikariat
-
Opplæringsvakter med løn
-
Bonusordning på kr 5000 for dei som inngår avtale om arbeid samanhengande i minimum 4 veker i hovudferieperioden
-
Eigen lønsstige for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar
-
God pensjonsordning
-
Fri tilgang til treningsrom i idrettshallen
-
Gode moglegheiter for vidare jobb, både fast, vikariat og på tilkalling
Velkomen som søkjar!
#sommerjobbivest
#sommarjobbivest
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450448129
- Sist endret
