Fagarbeidar- Bu og habilitering, Bakk-Ola-marka
Ørsta kommune, Bu og Habilitering
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
I Ørsta kommune er det ledig 3 delt stilling for helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er f.t. plassert i kommunalområdet Helse, omsorg og velferd med tenesteområde Bu og habilitering -Bakk-Ola-marka. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim.
Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremmar ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- Sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
- Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar
- off. godkjent helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbeidar
- Relevant arbeidserfaring
- Det er ein fordel om du har førarkort klasse B, manuell gir
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- har evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld/natt inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode: 7076 helsefagarbeidar/ 7517 fagarbeidar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Langøy Sivertsen, konstituert avdelingsleiar, 900 12 175, laila.langoy.sivertsen@orsta.kommune.noGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no
Arbeidsstad
Anders Hovden-gata 276153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5076921024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450431872
- Sist endret

