Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stord
Besatt

SKL søker systemforvaltar krafthandel

Sunnhordland Kraftlag AS

  • Frist 8.3.2026
  • Ansettelsesform Fast

Er du analytisk og vil arbeida med framtidas energiløysingar?

Kraft blir i dag handla i stadig raskare tempo, noko som set store krav til systema for produksjonsplanlegging og krafthandel. Store mengder data om ver, forholda i kraftverka, prisar og tilsig av vatn skal prosesserast raskare, og kombinera sanntidsdata, historikk og prognosar.  

Me forventar ikkje at du har erfaring med krafthandel, men ser etter deg som er analytisk og har IT-kompetanse. Du har kommersiell og teknisk interesse. Du vil bidra til meir berekraftig og lønnsam nytting av dei fornybare ressursane med har til rådigheit for å produsera energi. Du synest det verkar spennande å vera med på å digitalisera krafthandelen.

Arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehald og vidareutvikling av våre system og integrasjonar 

  • Vidare arbeid med å automatisera handelsoppgåver

  • Arbeid med å forvalta data til våre analyseverktøy

  • Oppfølging av leverandørar 

Din kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning, eksempelvis innan IT, statistikk, analyse. Erfaring kan kompensera for utdanning.

  • Generell programmeringskompetanse og systeminteresse

  • Erfaring frå fornybar energi og industri er ein fordel

  • Kjennskap til Python, Grafana og maskinlæring

  • Norsk språk 

Eigenskapar:

  • Analytisk, lærevillig og nysgjerrig 

  • Samarbeidsorientert, men også evne til å jobbe sjølvstendig

  • Kommersiell forståing 

  • Strukturert

Me tilbyr:

  • Du får arbeida i ein av dei mest samfunnskritiske bransjane 

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor dei tilsette trivst godt

  • Ein fleksibel arbeidskvardag

  • Gode lønns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring

Om du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.

Nysgjerrig? 
Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar for krafthandel og driftssentral Liv Kjersti Skartland på 977 26 138.

Ferdigheter

  • Analysere data
  • Automatisering
  • Behersker IT-/datasystemer
  • Python (dataprogrammering)
  • Statistikk
  • Teknisk IT kompetanse

Om arbeidsgiveren

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Lønningsåsen 2, 5401 Stord
  • Bransje: Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Data Scientist, Dataanalytiker, Forretningsutvikling og strategi
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

krafthandel, analytisk, it kompetanse, fornybar energi

(1/2)

  • Bilde 1 av 2 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 2 i jobbannonse-galleriet
Sunnhordland Kraftlag AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Liv Kjersti Skartland
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar krafthandel og driftssentral
  • Mobil: 97 72 61 38
Send SMS
  • Bli kjent med Sunnhordland Kraftlag AS
  • Hjemmeside

55 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Lønningsåsen 2, 5401 Stord

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 450427460
  • Sist endret 26.3.2026, 16:02
Rapporter annonse