Nattevaktstilling, helg 33,10 %
Osterøy kommune
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Bu- og avlastingstenesta gjev tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemmingar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod.
Vi gjev teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Det er for tida ledig nattevaktstilling 33,10% .10 timars vaktar med arbeid kvar 3. helg. Fast fagmøte i turnus kvar 3. veke.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid som vakande nattevakt
- Sikre at brukar får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester forankra i gjeldande lover, avtalar og retningsliner
- Følgje opp vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Jornalføring i gjeldane fagsystem
- Medikamenthandsaming
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Engasjerte kollegaer
- Løn etter tariff
God pensjonsordning, gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
- Har minimum 2 års erfaring frå miljøarbeid med utviklingshemming og/eller autisme
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Må ha god forståing og kunnskap om dataverktøy jmf rapportering i journal- og kunne halde seg oppdatert i fagsystem
- Ynskjeleg med kjennskap og erfaring med vedtak etter HOL kap.9 og Pasient- og brukarrettighetslova kap. 4a
- Krav om godkjend politiattest ved tiltrede i stillinga
Kven er du?
- Viser grunnleggande respekt for mennesker og engasjement for brukargruppa
- Åpen, lojal og påliteteleg
- Roleg, trygg og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Gode gjennomføringsevner
- Fagleg engasjement
- God fysisk og psykisk helse
- Vi ynskjer deg med på lag, du som evner å sjå andre menneske. Stå i krevjande situasjonar og brenn for å sikre gode tjenester til menneske med funkjsonsvariablar. Du er fagleg engasjert, tar ansvar og vil arbeide for god kvalitet i tenesta vår. Som fagarbeidar vil du få gode moglegheiter til fagleg utvikling innan miljøterapi.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450305566
- Sist endret

