Leiar for HR- og kommunikasjon
Kommunedirektør, Sande kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle ein kommune i endring?
Sande kommune søkjer ein strategisk, samlande og utviklingsorientert leiar for HR- og kommunikasjon. Dette er ei sentral leiarstilling i kommunedirektøren si leiargruppe, med ansvar for to viktige stabsområde som støttar heile organisasjonen. Sande kommune deltek i utgreiingar av interkommunale samarbeid og har eit kommunestyrevedtak på utgreiing av kommunesamanslåing.
Som leiar for HR-avdelinga og kommunikasjonsavdelinga vil du spele ei nøkkelrolle i å utvikle kommunen som arbeidsgivar, bygge ein tydeleg og open kommunikasjon internt og eksternt, og sikre profesjonell støtte til leiing og einingar i tråd med kommunen sine mål og verdiar. Stillinga er ledig frå 1. mai 2026.
Arbeidsoppgåver
HR
Du har overordna ansvar for at kommunen har gode arbeidsgivarstrategiar og profesjonelle HR-tenester. Dette omfattar blant anna:
- strategisk arbeidsgivarpolitikk og organisasjonsutvikling
- rekruttering, kompetanseutvikling og etterleving av lov- og avtaleverk
- leiarskapsutvikling og rådgiving til leiarar i heile organisasjonen
- systematikk i medarbeidaroppfølging, arbeidsmiljø og nærvær
- vidareutvikling av HR-prosessar
- partssamarbeid og dialog med tillitsvalde og verneteneste
Kommunikasjon
Du har ansvar for å utvikle og følgje opp kommunens kommunikasjonsstrategi og sikre god informasjonsflyt. Dette omfattar blant anna:
- strategisk kommunikasjonsrådgiving til kommunedirektøren og leiargruppa
- ekstern og intern kommunikasjon, inkludert drift og utvikling av kommunen sine digitale kanalar
- krisekommunikasjon og støtte i beredskapsarbeid
- mediekontakt, omdømebygging og proaktiv kommunikasjon
- utvikling av klarspråk og gode informasjonsrutinar i organisasjonen
- følge opp digitale leveranser til organisasjonen
Om stillinga
- Du rapporterer direkte til kommunedirektøren og inngår i leiargruppa.
- Du har personal-, budsjett- og fagansvar for HR- og kommunikasjonsavdelinga.
- Du skal bidra til heilskapleg leiing og godt samspel på tvers av einingar og fagområde.
- Du får stor moglegheit til å påverke utviklinga av kommunen som organisasjon og samfunnsaktør.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning, minimum 3-årig høgskule
- erfaring frå HR
- erfaring frå kommunikasjonsfeltet, men ikkje eit absolutt krav
- god forståing for offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
- erfaring med leiing
- god strategisk forståing og evne til å sjå heilskap
- trygg rolleforståing, høg integritet og gode relasjonelle evner
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- er tydeleg, samlande og relasjonsbyggande
- er utviklingsorientert og trygg i endringsprosessar
- kommuniserer klart og skapar tillit
- jobbar systematisk og har god rolleforståing
- handterer både strategiske og operative oppgåver
Vi tilbyr
- ei sentral leiarstilling i ei kommune i utvikling
- høve til å påverke viktige strategiske område
- dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø
- lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Renathe Rossi, kommunedirektørArbeidsstad
Rønnebergplassen 76084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5074015584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450302007
- Sist endret
