Ferievikar miljøtenesta 2026
Time kommune
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar miljøtenesta 2026
Miljøtenesta gir tenestar til personer som har ulike funksjonsnedsettelser, og me har behov for sommervikarer i følgjande avdelingar:
Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbolig, Nubben bufellesskap og fleire Bpa ordningar.
Alle avdelingane i tenesta samarbeidar tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i. Skriv også kva for nokre veker du vil arbeida i sommer. Sommerferien er frå 22. juni - 16. august.
Alle avdelingane har døgndrift, og det er behov for både dag, aften og nattevaktar. Spesifiser hva du helst ønskjer i søknaden.
Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.
Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vert presentert på intervju.
Alle nye vikarar får tilbod om ferievikarkurs.
Kvalifikasjonar
Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn, for eksempel:
- Sjukepleiarar
- Vernepleiarar
- Helsefagarbeidarar
- Assistentar
- Studentar innan helse- og omsorgsyrket
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- du må vera over 18 år
- krav om politiattest
Vi tilbyr
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Stilling etter avtale
Kandidatar vert vurdert fortløpande
FerdigheterAI-generert
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Gamle Åslandsvegen 25, 4355 Kvernaland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommervikar, miljøteneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450301067
- Sist endret

