Rådgjevar / spesialkonsulent – 100% fast stilling
IKS Hordaland
- Frist 5.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å sikre og gjere arkiv og dokumentasjon tilgjengeleg for framtidige generasjonar?
Om stillinga
Stillinga gjev deg ei sentral rolle i arbeidet med å styrkje arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga i eigarkommunane våre. Du vil bidra til at kommunane gjennomfører arkivlova sine krav, intensjonar og føringar, og vere ein viktig fagleg støttespelar i utviklinga av gode løysingar for framtida.
Du vil arbeide tett saman med fagleiar og to andre rådgjevarar/kommunekontaktar i eit miljø prega av samarbeid, kunnskapsdeling og fagleg utvikling. Stillinga inneber noko reiseverksemd og tett dialog med kommunane.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil utvikle seg i takt med ny teknologi, endringar i lov- og forskriftsverk og behova til kommunane. Dette gjev deg moglegheit til å påverke og bidra til vidare utvikling av fagområdet.
Arbeidsoppgåver
Kundeansvar og kontaktperson for 6–10 eigarkommunar
Etablere og vidareutvikle gode samarbeidsrelasjonar med kommunane
Fagleg rådgjeving og rettleiing i gjennomføring av arkivlova og gjeldande regelverk
Oppfølging av kommunane si arkiv- og dokumentforvaltning
Utarbeiding av oversikter, analysar, kartleggingar og statistikk
Opplærings- og informasjonsarbeid retta mot kommunane
Sakshandsaming av førespurnader frå kommunane
Koordinering av arkivfagleg arbeid
Bistå kommunane med uttrekk, deponering og bevaring av arkiv og data
Deltaking i prosjekt- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
Andre oppgåver innan verksemda ved behov
Roller i stillinga
Kommunekontakt
Rådgjevar/spesialkonsulent
Sakshandsamar
Koordinator
Rapportering
Stillinga rapporterer fagleg til fagleiar.
Dagleg leiar har personalansvar.
Stillingstittel og innplassering
Søkjarar med relevant høgare 3-årig utdanning vil normalt bli tilsette som spesialkonsulent.
Søkjarar med relevant høgare 5-årig utdanning vil normalt bli tilsette som rådgjevar.
Endeleg stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter ei samla vurdering av utdanning, erfaring og kompetanse.
Kven ser vi etter
Vi ønskjer oss ein fagleg sterk og samarbeidsorientert rådgjevar/spesialkonsulent som, saman med fagleiar og dei andre rådgjevarane, skal vere eit sentralt kontaktpunkt mot kommunane. Du ønskjer å bidra til at eigarkommunane våre ligg i front innan arkivforvaltning og i arbeidet med å gjennomføre arkivlova sine føresegner og intensjonar.
Vi ser føre oss at du har:
3–5 års relevant høgare utdanning, gjerne innan arkivfag, informasjonsforvaltning eller tilsvarande. Relevant og dokumentert arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
Erfaring frå liknande arbeid, roller eller oppgåver
Kunnskap om arkivlovgiving, standardar og regelverk for arkiv- og dokumentforvaltning
Kjennskap til kommunal forvaltning og organisering
Kompetanse i eitt eller fleire elektroniske fagsystem og/eller sak- og arkivsystem
Gjerne erfaring med migrering av databasar
Førarkort klasse B (vi har eigen bil til tenestereiser)
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
Er trygg i ei utadretta rolle med mykje dialog og rettleiing
Har evne til å planleggje, koordinere og samordne arbeid
Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
Har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
Ser moglegheiter i ny teknologi og ønskjer å ta nye løysingar i bruk
Hjå oss får du
Ei meiningsfull stilling med mykje sjølvstende
Ta del i eit engasjert fagmiljø som arbeider i skjeringspunktet mellom arkivfag, teknologi og samfunnsutvikling
Moglegheit til å arbeide tett med kommunar i gjennomføringa av eit viktig samfunnsoppdrag
Rause og dyktige kollegaer som deler fagkunnskap og støttar kvarandre
Ein arbeidsgjevar som skårar bra på arbeidsmiljø, gjev moglegheit for fagleg utvikling og har ei raus kompetanseordning
Medlemskap i KLP som har gode pensjonsordningar, konkurransedyktige forsikringsordningar og gunstig bustadlån
Medlemskap i bedriftshelseteneste
Fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
Moglegheit for heimekontor etter avtale
Betalt fridag mellom jul og nyttår
Dekning av telefon- og mobildata
Løn
Vert du tilsett som rådgjevar, tilbyr vi ei årsløn i spenn frå kr 600 000–705 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Vert du tilsett som spesialkonsulent, tilbyr vi ei årsløn i spenn frå kr 525 000–615 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Har du særskilde kvalifikasjonar eller relevant erfaring, kan vi vurdere høgare løn.
Verdt å merke seg før du søkjer
Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønskjer du å bli unnateken frå den offentlege søkarlista, må du grunngje kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får då moglegheit til å trekkje søknaden din.
For å bli vurdert som søkjar må du leggje ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål for utdanning teken i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse/ NOKUT(https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Ferdigheter
- Administrere arkiv
- Analysere data
- Arkivkunnskap
- Forvaltningsarbeid - Kommunalt
- Informasjonsforvaltning
- Kjennskap til arkivloven
- Statistikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er ein bevaringsinstitusjon og ei rådgjevingsteneste for 24 kommunar i Vestland. Vi er 17 tilsette og held til sentralt i Bergen.
Hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS arbeider vi tett saman med eigarkommunane for å utvikle ei dokumentasjonsforvaltning tilpassa ei digital tid og eit fagfelt i rask utvikling.
Vi går på jobb for demokratiet, rettstryggleiken og kulturarven vår. Kvar dag arbeider vi med å bevare og gjere eigarkommunane sine arkiv tilgjengelege – og slik opnar vi dørene til historiene frå 1837 og fram til i dag.
Vi er opptekne av å finne gode og framtidsretta løysingar som sikrar viktig samfunnsdokumentasjon – både for innbyggjarane i dag og for komande generasjonar.
Vi deltek aktivt i nasjonalt utviklingsarbeid, brukar fellesløysingar og samarbeider med Nasjonalarkivet og andre fagmiljø for å utvikle framtidas arkivforvaltning.
Verdiane våre er raus og ryddig. Vi er rause kollegaer og ryddige fagfolk. Som arbeidsgjevar er vi òg opptekne av å vere ryddige og rause. Det betyr at vi har rammer og forventingar, samstundes som vi møter medarbeidarane våre med fleksibilitet, tillit og omtanke når det trengst.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5022 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arkivforvaltning, dokumentforvaltning, kommunal forvaltning, arkivsystem, fagsystem
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450282353
- Sist endret


