ID 2423 Vernepleiar/sjukepleiar ved Sævarhagen avlastning og oppfølging - Førebyggjande tenester
Stord kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg - bli med på laget vårt!
Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.
Det er ledig vikariat i 100% stilling i tidsrommet 01.03.26 -- 31.01.27 for vernepleiar/sjukepleiar, med moglegheit for forlenging.
Stillinga er i todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter
Me ynskjer deg som:
-
Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa
-
Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
-
Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar
-
Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman
-
Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet
-
Har kjennskap til, og helst erfaring, med alternativ supplerande kommunikasjon - ASK
-
Du har gjerne interesse for bruk av musikk som eit miljøterapeutisk tiltak
Kvalifikasjonskrav:
-
Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
-
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450271658
- Sist endret
