Ingeniør - fast -
Midt-Telemark kommune
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Ingeniør - veg, vatn og avløp
Teknisk sektor med eining for veg, vatn og avløp har ansvar for drift og vedlikehald av ca. 35 mil med vatn‑ og avløpsleidningar, 17 mil kommunale vegar, 3 vassverk og 5 avløpsreinseanlegg. Vi har eit godt arbeidsmiljø med 11 tilsette i ulike aldrar. Vi jobbar i team, deler kunnskap og står saman om utfordringane knytt til at infrastrukturen skal fungere heile døgnet, året rundt. Desse verdiane legg vi stor vekt på.
Vi søkjer no to ingeniørar i 100 % fast stilling. Du blir del av eit tverrfagleg miljø som samarbeider tett med driftsavdelinga og resten av teknisk sektor. Éi stilling vil ha hovudfokus på fagområdet veg, og ei stilling vil ha hovudfokus på fagområdet avløp. Begge stillingane høyrer til i same eining, og arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tverrfaglege.
Hovudutfordringane i dei kommande åra er å halde oppe takten i fornying av leidningsnett, starte planlegging av nytt reinseanlegg, og samtidig jobbe effektivt og kostnadsbevisst for å gjennomføre dei nødvendige tiltaka innan veg, vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene for stillingane vil mellom anna vere:
- Arbeid med planar og normer: t.d. hovudplanar, VA‑norm, vegnorm, ROS‑analysar og internkontroll
- Planlegging og oppfølging av tiltak for veg, vatn og avløp, inkludert noko prosjektleiing
- Offentlege anskaffingar for driftskontraktar og investeringsprosjekt
- Myndigheitsutøving og saksbehandling: tilknyting, gravetillatingar, sanitærreglement og samarbeid med forvaltingseininga
- Fagressurs: vere ein sentral ressurs i fagleg utvikling, følgje med på teknologi og regelverk, og anbefale val av metodar og løysingar i prosjekt og drift
- Beredskap: stillingane inngår ikkje i vaktordning, men det må påreknast å stille opp ved akutte hendingar som flaum/naturhendingar og større vasslekkasjar. Rolla er først og fremst førebyggjande, med vekt på planlegging, risiko‑ og sårbarheitsvurderingar og dokumentasjon som styrkjer beredskapen.
- Rapportering til sentrale myndigheiter
- Dialog og kommunikasjon med abonnentar og innbyggjarar
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga og arbeidsoppgavene blir tilpassa interesse, erfaring og personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Høgare utdanning (bachelor/master), fortrinnsvis innan veg og/eller VA. Anna relevant ingeniørutdanning innan bygg, miljø eller liknande fag er òg aktuelt
- Teknisk fagskule kombinert med relevant praksis kan kompensere for formell grad
Ønska kompetanse
- Erfaring frå fagområdet er ønskjeleg (veg og/eller avløp). Erfaring frå kommune, rådgivar, entreprenør eller anna relevant verksemd er positivt
- Kjennskap til relevant regelverk og standardar
- Erfaring med prosjektering, prosjektleiing eller drift/optimalisering av VA‑anlegg
- Praktisk forståing og interesse for arbeid både i felt og på kontor
- Gode norskkunnskapar i både bokmål og nynorsk, skriftleg og munnleg
- Gode digitale ferdigheiter
Særskilde krav
- Førarkort kl. B
- Det er ein fordel å disponere eigen bil, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids‑ og kommunikasjonsevner, og evne til å byggje gode relasjonar med drift, entreprenørar, rådgivarar og andre delar av kommuneadministrasjonen
- Sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten
- Høg gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet: jobbar effektivt, prioriterer godt og leverer kvalitet
- Løysingsorientert og praktisk
- Klar og trygg formidling, skriftleg og munnleg
- Nysgjerrig på fagutvikling og motivert for å finne gode løysingar
- Sterk lagspelar som bidreg til godt teamarbeid og deler kompetanse
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Sterkt fagmiljø med tverrfagleg samarbeid og tett kontakt med erfarne driftsoperatørar
- Godt arbeidsmiljø med openheit, samarbeid og rom for humor
- Samfunnsnyttige oppgåver med direkte effekt for innbyggjarane
- Variert kvardag med saksbehandling, prosjekt, forvalting og feltarbeid
- Reell påverknad: kort veg frå idé til vedtak, og høve til å påverke metodar og tekniske løysingar
- Stabil og føreseieleg arbeidsplass
- Fagleg påfyll gjennom kurs, seminar og fagdager
- Fagansvar: for erfarne kandidatar gir stillinga høve til å ta eit naturleg leiande fagansvar, med stor fridom til å påverke utviklinga av metodar, løysingar og prioriteringar i eininga. Du får rom til å bruke erfaringa di aktivt og forme fagområdet vidare i tett samarbeid med resten av eininga.
- E‑læringskurs for nytilsette i Midt‑Telemark kommune
- Løn vert vurdert individuelt etter kompetanse og erfaring, i tråd med kommunal lønnspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i Webcruiter.
Offentleg søkarliste: Namn på søkjarar kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25, sjølv om du ber om unntak.
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Digitale ferdigheter
- Ingeniørarbeid
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kunnskap om tekniske standarder og forskrifter for veibygging
- Prosjekteringsledelse
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Samferdselsteknikk og arealplanlegging, VAR-teknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ingeniør, Avløp, Veg, Vei, Kommune
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450264667
- Sist endret
