Ferievikarar med bonusavtale innan helse og omsorg sommaren 2026
Kviteseid Kommune - helse og omsorg
- Frist 1.3.2026
Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?
Hva vi ser etter
Me har behov for ferievikarar i perioden 15.06.26 - 09.08.26 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, tilrettelagde tenester og legekontoret.
Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, tilrettelagde tenester og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.
Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.
Arbeidsoppgaver
Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar.
I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden.
Vi tilbyr
Kviteseid kommune har bonus ordning for sommarvikarar som binder seg for arbeid i
80-100% stilling i veke 26-31 på opptil 15.000kr.
Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det.
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449831407
- Sist endret