Lærlingar Sveis og Aluminiumskonstruksjon
Leirvik AS
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Lærlingar Sveis og Aluminiumskonstruksjon
Er du klar for ein spennande start på Karrieren?
Leirvik har ei lang historie innan bygging av store aluminiumskonstruksjonar offshore, og dei siste åra har me satsa mot nye spennande marknadsområde som Infrastruktur og Akvakultur. Me søkjer motiverte og lærevillige lærlingar innan sveis og platearbeidarfaget. Hos oss får du lære av erfarne fagfolk, jobbe med moderne utstyr og utvikle deg i eit yrke som er viktig for industrien – både i dag og i framtida. Som lærling hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der kvalitet, sikkerheit og samarbeid står i sentrum. Du får varierte arbeidsdagar, ekte ansvar og god oppfølging undervegs i læretida. Me er opptatt av at du skal trivast, lære mykje og bli trygg i faget ditt.
Arbeidsoppgaver
Som lærling vil du få opplæring og praktisk erfaring innan blandt anna:
- Produksjon og samanstilling av konstruksjonar i aluminium
- Utføring av ulike sveiseprosessar (MIG/MAG,)
- Kapping, bøying og forming av plater og profiler
- Bruk av maskinar og handverktøy
- Lesing av arbeidsteikningar og tekniske spesifikasjonar
- HMS-arbeid og sikker bruk av maskinar og verneutstyr
Kvalifikasjoner
- Har fullført (eller snart fullfører) Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi / Sveis og plate. Anna relevant utdanning kan vurderast.
- Er motivert for å lære og utvikle deg fagleg
- Er nøyaktig, likar å jobba og har praktisk teknisk interesse
- Har gode haldningar til samarbeid, HMS og kvalitet i arbeid
- Liker fysisk arbeid og varierte arbeidsdagar
Personlige egenskaper
- Sjølvstendig
- Nøyaktig
- Engasjert
- Positiv
- Gode haldningar
Hos oss får du
- Ei trygg og lærerik læretid med tett oppfølging av fagleg leiar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for utvikling.
- Moderne verkstad og profesjonelt utstyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Moglegheit for sommarjobb med lønn, og fast jobb etter bestått fagprøve
Les meir om å væra Lærling på Leirvik på denne sida: https://leirvik.com/career/bli-laerling/
Slik Søkjer du:
Alle lærlingeplassar på Leirvik AS går gjennom Ytre Sunnhordland opplæringskontor, YSO.
Gå inn på www.yso.no og velg "Søk læreplass" oppe til høgre.
Frist for søknad er 1.3.2026
FerdigheterAI-generert
- Bruk av sikkerhetsutstyr
- Bruke håndverktøy
- Bruke metallbøyingsteknikker
- Lese tekniske tegninger
- Metallforming
- Produksjon, montering og demontering av metallkonstruksjoner (metallkonstruksjon)
- Sveisearbeid
- Sveising av aluminium
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 330 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Storhaugvegen 130, 5416 Stord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Produksjon, Sveiser
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Platearbeider, Sveiser, Aluminium, Offshore, Fabrikasjon
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449827358
- Sist endret

