SFO-leiar Sveio skule
Sveio kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sveio skule er ein 1.-10. skule med omlag 520 elevar og 80 tilsette. Skulen ligg i Sveio sentrum og har fine lokaler og eit flott uteområde. Omlag 100 elevar har tilbod om SFO.
Har du lyst til å bli ein del av vårt leiarteam? Vi søker ny SFO-leiar og ønskjer ein person som er kreativ, ryddig og strukturert, og som er motivert for å delta i utvikling av kvalitet i SFO.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og to undervisningsinspektørar, samt SFO-leiar. Sveio skule har dyktige medarbeiderar som har fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling. Vi jobber for eit godt samarbeid mellom våre tilsette, elevar og føresette, og vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med eit positivt og inkluderande personale. Vi ønskjer positive og initiativrike tilsette. Vi legg vekt på samarbeidsevne, fagleg dugleik og god relasjonsbygging.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
- Organisera personal, sikra bemanning og vikarinnkalling ved fråvær i SFO
- Dagleg drift av SFO som vaktlister, vekeplanar og innkjøp
- Samarbeide tett med rektor, undervisningsinspektørar og personalet på skulen
- Informasjonsarbeid
- Kontakt med barn og føresette
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med barn, fordel med erfaring frå skule/SFO
- Ønskeleg med kompetanse innan administrasjon
- Gjerne leiarerfaring frå skule/SFO
- God digital kompetanse
- God evne til å planleggje, gjennomføre og følgje opp aktivitetar for barn og tilsette
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- Politiattest må leverast (opl. § 17-11)
Personlege eigenskapar
- Er positiv, sjølvstendig, løysningsorientert og fleksibel
- Kan jobbe effektivt og systematisk innanfor eigne ansvarsområder
- God til å kommunisere, byggje relasjonar og samarbeider godt med kollegaer, born og føresette
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449822484
- Sist endret
