Helgestilling
Medisinsk observasjonspost Haugesund sjukehus
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig to helgestillingar dag/kveld/natt for fortrinnsvis sjukepleiarstudent på 2/3 år og sjukepleier. Autorisert helsefagarbeider kan også søkje.
Avdelinga har 8 senger og 4 stolar for behandling av pasientar frå 12 år til 100+ år med uavklart medisinsk problemstilling med behov for observasjon. Eksempelvis brystsmerter, mistanke om hjerterytmeforstyrring, observasjon i tilknytning til undersøkelse, intox, polikliniske akutte forlaup med meir. Posten har kort liggetid og eit stort omløp av pasientar gjennom døgnet.
Sengeposten er relativt ny og blei etablert i oktober 2020. I dag er sengeposten organisert under Avdeling for eldremedisin i medisinsk klinikk og handterer hovudsakleg indremedisinske problemstillingar. Frå 2027 vil sengeposten bli omorganisert og lagt under akuttmottaket.
Sengeposten samarbeidar tett med nabopostane; eldremedisin post geriatri og gastro-/nyresengepost. Sengeposten er for tida bemanna med 2 på dag, 2 på kveld og 1 på natt.
Dette er ei helgestilling på omlag 15-30% med arbeid omlag kvar 3. helg.
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie til inneliggande og polikliniske pasientar med behov for behandling og observasjon
- Koordinere og delta i pasientforlaupet
- Bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Sjukepleiar, 2 og 3 års sjukepleiarstudentar. Helsefagarbeidarar kan også søkje.
- Ønskeleg med sjukehuserfaring/relevant klinisk erfaring
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er god på samarbeid og bidreg til å skape eit trygt og inkluderande lærings- og ytringsklima
- er ansvarsbevisst, strukturert og har god evne til å prioritere mellom oppgåver
- arbeidar sjølvstendig og handterer varierte arbeidsoppgåver på ein god måte
- tek initiativ og viser engasjement i arbeidet
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass med eit stort faglig spenn i arbeidsoppgaver.
- Ein arbeidsplass i kontinuerlig utvikling og endring.
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, AvdelingslederElis Simone Hunt, Funksjonsleiar pleie, +47 91638926
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5076936092
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 28.04.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449821000
- Sist endret