Avdelingsleiar Kirurgisk avdeling Haugesund sjukehus
Helse Fonna HF
- Frist 24.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle framtidas kirurgiske tenester?
Vi søkjer ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar til Kirurgisk avdeling. Dette er ei spennande leiarstilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke fag, kvalitet og drift.
Som avdelingsleiar har du eit heilskapleg ansvar for fag og kvalitet, drift og økonomi, personaloppfølging og samarbeid. Du rapporterer til klinikkdirektør og blir ein del av leiargruppa i klinikken.
Avdelinga omfattar poliklinisk verksemd, operasjonar og sengepost med 8 sengar innan fagområda generell kirurgi, karkirurgi, endokrinkirurgi og mammakirurgi. Her jobbar det dyktige fagfolk som legar i spesialisering (LIS), overlegar, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, sekretærar og assistentar.
Vi ser etter ein initiativrik leiar som byggjer gode relasjonar på tvers av fag og organisasjon, motiverer og inspirerer gjennom entusiasme, og skapar ein kultur for forbetring, nytenking og endring. Du har òg evne til å ta raske og gode avgjerder under press.
Kva går jobben ut på?
- Overordna ansvar for personell, økonomi og fagutvikling.
- Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar internt og eksternt.
- Kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbedring og videreutvikling av forbetringskultur.
- Sikre at tenesta oppfyller nasjonale og lokale krav og retningslinjer.
- Planlegge og legge til rette for effektiv og fagleg god drift.
- Utarbeide og gjennomføre strategiske planar i tråd med føretaket sine mål.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
- Erfaring med økonomistyring er ønskeleg.
- Grunnleggjande IKT kompetanse.
- Leiarerfaring er ønskeleg.
- God organisasjonsforståing og erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ønskeleg.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
- Tydeleg og målretta leiar med evne til å følgje opp resultat og formidle mål, forventningar og retningslinjer på ein klar måte.
- Omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse.
- Evne til å motivere, utvikle og engasjere medarbeidarar, både individuelt og i team.
- Handlekraftig problemløysar som arbeider godt under press, tek raske og gode avgjerder og finn løysingar.
- Endringsorientert leiar som fremjar utvikling, kontinuerleg forbetring og godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod.
Kvifor skal du velje oss?
- Spennande og utfordrande leiarstilling i eit fagmiljø i utvikling
- Moglegheit for fagleg og personleg vekst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Lønn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Forbedring av kvalitet
- Økonomistyring
- Operasjonell personalledelse
- Organisatorisk ledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
mellomleder, avdelingsleder, sykehus, kirurgisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449817898
- Sist endret
