Politiførstebetjent - vikariat
Sør-Vest politidistrikt
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Der er ledig vikariat som politiførstebetjent (SKO 0285), hovudetterforskar, p.t. stadsplassert ved Vindafjord politistasjon, seksjon for etterretning og etterforsking. Ved seksjonen vil ein jobba tett opp mot politifagleg etterforskingsleiar og andre etterforskarar. Seksjonen har ansvaret for dei prioriterte straffesakene i GDE4 sitt ansvarsområdet i dei fire kommunane vår, Vindafjord, Etne, Sauda, Suldal.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser me etter hos ein ny medarbeidarMe ser etter motiverte personar som er interesserte i etterforskingsfaget. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver- Hovudetterforskar i dei mest alvorlege og komplekse sakene ved GDE4
- Betjena eigen saksportefølje og etterforska saker på tvers av tenestestadene Vindafjord og Sauda
- Ansvar for at tildelte saker og oppgåver blir etterforska med høg kvalitet, tilstrekkeleg framdrift, og i tråd med gjeldande regelverk
- Bidra med tilbakemeldingar på avhøyr, og opplæring av nytilsette ved etterforskingsseksjonen
Dette må du ha for å vera kvalifisert:
- Bestått politi(høg)skule
- Minimum 3 års erfaring frå etterforsking ved ein etterforskingsseksjon/avsnitt
- Svært motivert for å jobba ved ein etterforskningsseksjon
- Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
- God kjennskap til dataverktøyet til politiet
- IP4-godkjent eller snarleg kunne bli det
Det er også ønskjeleg med:
- Vidareutdanning i etterforsking ved Politihøgskolen (VEF)
- Anna relevant utdanning eller kurs innan etterforskningsfaget
- Veiledningspedagogikk - modul 1 eller tilsvarande studiar
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlige egenskaper- God evne til kommunikasjon, samarbeid og relasjonsbygging
- Evne til å inspirera, motivera og utvikla medarbeidere
- Evne til å jobba systematisk, sjølvstendig og i team
- Engasjert, initiativrik og løsningsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.
Dette kan me tilby om du vel oss- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Stillinga blir lønt som Politiførstebetjent (SKO 1445) med årslønn: fra kr. 680.000,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her
- Gode arbeidsvilkår
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningene du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer duDu søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449805009
- Sist endret
