Rådgjevar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 27.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar i fakultetsadministrasjonen
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har ledig 100% stilling i 1 års vikariat, som rådgjevar ved Fakultetsadministrasjonen.
Stillinga som Rådgjevar er ein del av fakultetet sin administrasjon på 35 personar og næraste leiar er administrasjonssjef. Fakultetsadministrasjonen er lokalisert på fleire av HVL sine fem campus. Samla bidrar administrasjonen til effektiv drift, høg kvalitet og kontinuerleg utvikling av organisasjonen.
Stillinga omfattar forskingsadministrativ støtte gjennom saksførebuing, strategisk utviklingsarbeid, rapportering og rådgiving innan eksternt finansiert forsking og forskingsetikk. Arbeidet inkluderer sekretariatsfunksjonar for forskingsetisk komité og ph.d.-programutvalet, samt administrativ oppfølging av forskarutdanninga og doktorgradsstipendiatar ved doktorgradsprogrammet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling frå opptak til disputas.
Stillinga er eit eittårig engasjement med moglegheit for forlenging. Oppstart er ønskjeleg så snart som mogleg.
Arbeidsstaden er campus Bergen.
Noko reiseverksemd mellom campusane kan førekomme.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Forskingsadministrativ støtte til forskingsleiing - Saksførebuing og oppfølgjing, strategisk utviklingsarbeid, rapportering, utgreiing og analyseoppgåver
- Rådgjeving, mobilisering og bistand innan eksternt finansiert forsking og forskingsetiske problemstillingar
- Sekretær for forskingsetisk komitè ved fakultetet
- Bistand ved forskingsarrangement/seminar
- Administrativ oppfølgjing av forskarutdanning ved fakultetet og sekretær for programutvalet for ph.d.-utdanninga.
- Administrativ oppfølgjing av doktorgradsstipendiatar under oppstart, gjennomføring og fullføring av doktorgrad (t.d. opptaksavtale, emner, midtvegsevaluering, innlevering og disputas)
- Utvikling av felles rutiner, reglement og informasjon for ph.d.-utdanningane ved HVL i samarbeid med nettverk for forskarutdanningsadministrasjon ved HVL
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning på masternivå
- Må kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring med bruk av Felles studentsystem (FS) og P360 er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Evne til raskt å setje seg inn i nye oppgåver
- Løysingsorientert og fleksibel i møte med endringar i arbeidsoppgåver
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som Rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
FerdigheterAI-generert
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og eit bredt spekter av vidareutdanninger.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod på både bachelor- og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til ph.d.-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling, og i nautiske operasjonar.
Fakultetet har fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet blir leia av ein dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av verksemda er lagt til Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har òg aktivitet på campus Stord.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449802841
- Sist endret



