Er du sekretæren som trivst når dagane ikkje er like?
Dialogsenteret
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Hos oss på Dialogsenteret ved Haugesund sjukehus får du ein jobb der du verkeleg betyr noko. Du er den som møter pasientar og pårørande på telefonen, finn løysingar når timar må endrast, og sørgjer for at ting flyt mellom poliklinikkane og resten av sjukehuset.
Stillinga er i utgangspunktet knytt til Dialogsenteret, men andre oppgåver knytta til Kontaktsenteret kan forekomme. Dermed får du ein kvardag med variasjon, læring og innsikt i fleire av dei viktige støttefunksjonane våre.
Her blir du del av eit godt lag, med opplæring og støtte frå erfarne kollegaer – og ein arbeidsplass som både utfordrar og tek vare på deg.
👉Klar for ein variert kvardag der du betyr mykje for både pasientar og kollegaer? Då håpar vi du søkjer!
Kva går jobben ut på?
- Svare på henvendelser til poliklinikker på telefon.
- Endre og avbestille timar.
- Bidra til god pasientoppleving gjennom profesjonell og trygg kommunikasjon.
Kva kompetanse er viktig for denne rolla?
- Utdanning innan kontor-og administrasjonsfag.
- Relevant erfaring kan kompensere for manglende formell utdanning.
- God kjennskap til Dips Journalsystem.
- God norsk munnleg og skriftleg, grunnleggande engelsk. Skriv gjerne i søknaden om du har fleire språkferdigheiter.
Personlige eigenskapar blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- møter pasienter og pårørende på ein profesjonell og empatisk måte
- er strukturert og nøyaktig
- tek initiativ, jobbar sjølvstendig – og trivst i team
- trivst med samarbeid og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- er glad i nye utfordringer og liker å lære nye ting.
Kvifor skal du velje oss?
- Du får ein meiningsfull jobb i ei viktig samfunnsrolle.
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Gjelsten, Funksjonsleiar, Linda.Gjelsten@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5075486447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449799904
- Sist endret
