Assistent
Operasjonsenhet Stord sjukehus
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som assistent ved Operasjonseininga på Stord sjukehus. Du blir ein viktig del av teamet vårt, og vi søkjer deg som ønsker ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Vi ser etter deg som trivst i eit strukturert og fagleg sterkt miljø, og som vil bidra til trygg pasientbehandling gjennom kvalitet i alle ledd. Som assistent har du mellom anna ansvar for at medisinsk utstyr blir korrekt reingjort, kontrollert, pakka og sterilisert før bruk på pasientar.
Du har auge for detaljar, er nøyaktig og likar å arbeide systematisk. Du blir ein sentral del av eit team som samarbeider tett med operasjons- og anestesiavdelinga, samt anna klinisk personell, for å sikre at alt utstyr alltid er klart til bruk.
Kva går jobben ut på?
- Mottak og demontering av ureine instrument til reingjering og desinfeksjon.
- Kontroll og vedlikehald av kirurgiske instrument.
- Pakking, sterilisering og resterilisering.
- Klargjering av utstyr til operasjonar og lagerkontroll av fleirgongs- og eingongsutstyr.
- Bidra til reinhald på operasjons- og anestesiavdelinga.
- Bestilling av varer i LIBRA, varemottak og påplassering av varer.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Erfaring frå liknande avdeling er ønskeleg.
- Opplæring vil bli gitt i avdelinga. Det er ønskjeleg at du på sikt tek fagbrev som sterilforsyningsteknikar.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Gode generelle IT-ferdigheiter.
- Erfaring frå sterilforsyning, T-Doc eller smittevern er ein fordel.
- Du gjer deg forstått på norsk (nivå B2), både skriftleg og munnleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er praktisk og løysingsorientert
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- har god arbeidskapasitet og meistrar ein fysisk krevjande jobb
- trivst med å arbeide i tverrfaglege team
- har god forståing for hygieniske prinsipp
- er villig til å tileigne deg ny kunnskap og dele erfaringar med andre
Vi tilbyr
- Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Dagarbeid måndag til fredag per dags dato. Det kan på sikt bli endringar i arbeidstid/turnus og struktur i klinikken.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gunvor Bye, Funksjonsleiar, 45454628, gunvor.bye@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5076259035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449796956
- Sist endret
