Barnehagelærar
Norlandia Støylane
- Frist 6.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter deg som er ambisiøs på vegne av barna, handlekraftig, omset teori til praksis, og som verkeleg ynskjer å skape ein god barnehage til det beste for barnet og familien!
Norlandia Støylane barnehage søkjer barnehagelærar – og kanskje er det deg?
Vi leitar etter ein trygg medarbeidar som veit kor stor forskjel ein god relasjon kan gjere. Ein som har hjartet på rett stad, hovudet fullt av fag, og som drivast av å gjere kvardagen til barna rikare – gjennom omsorg, utforsking og engasjement. Som vi seier i våre verdiar: Ein som er kompetent og nyskapande med eit stort hjarte til det beste for barnet.
Kva kan du forvente hos oss? Du får vere del av eit lag med høg fagleg puls og eit stort hjarte. Vi gir deg:
Eit varmt og inkluderande kollegafellesskap
- Rettleiing og fagleg utvikling frå fyrste dag
- Eit arbeidsmiljø som tek forsking på alvor og set kunnskap ut i livet
- Nettverk med 3000 Norlandia-kolleger over heile landet
- Anstendig lønn og pensjon og eige fordelsprogram, og ekstra støtte til nyutdanna
- Ein kvardag fylt med variasjon, leik og ekte augneblink
Vi trur du lykkast hos oss dersom du:
- Brenn for å skape trygge relasjonar og god barndom
- Likar å vere tilgjengeleg for barna, responsiv og deltakande
- Er villig til å omsetje pedagogisk teori til praksis bygd på systematikk
- Ser betydninga av kvalitet og omset observasjon og refleksjon over eigen praksis til trening og handling
- Støttar barns leik og læring med sensitivitet og varme
- Bidreg til eit alderstilpassa pedagogisk innhald med fokus på tidleg stimulering, leik og læring
- Er fagleg engasjert, profesjonell og set barnets beste fyrst
Kven er vi i Norlandia Barnehagane?
Vi er ei barnehagekjede som tør å tenke nytt. Vi jobbar systematisk med kvalitet, og brukar CLASS som verkty for å styrke relasjonen mellom barn og voksne. Vi er kunnskapsdrevne, varme og opptatt av at alle barn – uansett bakgrunn – skal få ein barndom prega av meistring, tryggheit og glede.
Formelle kvalifikasjonskrav
• Treårig utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk
• Godkjent utdanning frå Utdanningsdirektoratet
• Utenlandske søkarar må ha Bergenstest/B2 og godkjent utdanning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse - https://hkdir.no/utdanning-frautlandet
• Godkjent politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) må visast ved tiltreding (ref. barnehageloven §30)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449794849
- Sist endret


