Maskinsjef - 2 veker på og 3 veker av
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å jobbe 2 veker og nyte 3 veker fri?
Fjord1 har no ledig stilling
som maskinsjef i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Arbeidsordninga er 12‑timarsvakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av 3 veker fri. Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver. Oppsett ruteproduksjon gir gode moglegheiter for rolege periodar på nattevakt, slik at du kan vere meir uthvilt når du har frivakt i nattveka.
Ved behov tilbyr Fjord1 bustad på kaien, berre nokre få steg frå arbeidsplassen. I same område finn du òg matbutikk, som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt, 3 veker fri
- Reise utover 30 km til og
fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5076886658
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449764036
- Sist endret
