Sjukepleiar i Heimetenesta Skodje - 100 % stilling
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
I distriktet Skodje, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Ledig frå snarast.
Heimetenesta yt tenester til pasientar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad, dette inkluderer Ådalen Allé 6, som er omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Det er stor variasjon i pasientgruppa, frå relativt friske pasientar, til alvorleg sjuke pasientar som krev høg fagleg kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester til pasientar i deira eige og trygge miljø. Heimetenseta nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsbustadar, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og kjøkken.
Det blir nytta kommunale bilar i tenesta. Desse er stasjonert i eigen carport ved kontorbasen.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og meir urbane strøk. I nærområdet kan ein finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og kjøpesenter like i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i Skodje er godt tilrettelagt for alle aldrar. Der er barne- og ungdomsskular, fleire barnehagar, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor, korps osv.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
- Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfylgjing
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
- Bidra til godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
- Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- 3.års sjukepleiarstudentar kan søkje, men vert tilsett med atterhald om godkjent autorisasjon
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Førarkort klasse B
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgjevar i god tid før oppstart i jobben.
- Den som skal tilsetjast må stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Krav om at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkjande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Eit støttende og engasjert kollegialt miljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i forhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 918 10 445, kristin.beate.osvoll.skodjevag@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ådalsbakken 66260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5074142541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449755095
- Sist endret
